Ferie, Reise
Comment 1

Get ready for departure…

Vi har byrja å pakke, i dag planlegg vi å bade i DGI, og elles bruke tida på å rydde litt etter oss.

Denne gongen har byttet vore enkelt på den måten at vi har blitt einige om at vi byttar kjøleskap og frysar, altså med innhald, og at vi berre støvsugar og ryddar etter oss kvar på vår side. Fire dagar er eit kort bytte, så full vask er ikkje nødvendig.

Eg har gjort det slik med dei korte bytta eg har hatt. Vi tek av sengetøy og dukar før vi drar, og syter for at det ser ordentleg ut. Vi passar på at vi ikkje legg noko att, det er alltid eit styr å få organisert det tilbake. I fjor budde skateboardet til elleveåringen i Danmark til godt etter pinse, etter å ha blitt attgløymt i eit klesskap i gangen der vi då budde.

Det har blitt dårleg med bilde denne gongen, vi klarte sjølvsagt å gløyme att overføringskabelen då vi dro frå Oslo. Det er så mange kablar, ledningar og ladarar at eg blir heilt sprø.

Vi gløymer alltid noko, enten i eine eller andre enden. Eg var heilt sikker på at eg stappa kabelen i sekken då eg dro, men der er den ikkje. Vi får sjå om den ligg heime og er sur fordi den ikkje fekk vere med på tur. 

Uansett, med eller utan alle kablar, vi har hatt ein fin tur som enno ikkje er over. Det at vi hadde kvar vår sykkel har gjort livet enkelt, og det har også gjort at barna har fått god oversikt over byen. Ein lærer masse av å farte rundt på den måten.

Eg har fått nokre stille stunder for meg sjølv, ein sykkeltur gjennom Kongens have og forbi botaniske, som var stengt då eg var der. Alle er altså fornøgde. No gler vi oss til båtturen, og til å kome heim. 

This entry was posted in: Ferie, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Jeg har funnet ut at det som ikke kommer ut der og da via kabler, har godt av å modnes litt. Det blir noen ganger bedre slik. Velkommen hjem.

Leave a Reply to Jakob Cancel reply