Gjærbakst, Tilbehør, Veggis
Comments 10

Godt kvardagsbrød

Heidi minner oss om at vi er attende i kvardagen, og lagar gode, saftige grovbrød. Nyt det!

Alt godt

Eg veit ikkje kva luktesans du har, men min er sånn midt på treet. For nokre år sidan var eg saman med ein gjeng matglade folk og dampa fåreribbe før jul, då ei av damene tok av loket på panna og sa; ” her luktar det ver, det er ein ver vi skal ete til middag!” Vi andre vart mållause før latteren kom. I første omgang trudde vi ho tulla heilt til ho fekk overtydd oss om at dette er skikkeleg verlukt. Då eg åt kom verlukta oppi nasa mi og eg fekk ei kjensle av at eg hadde smakt betre kjøt før.

Ikkje lenge etter denne hendinga vart Nobelprisen i medisin delt ut til to amerikanske forskarar, Buck og Axel, på grunn av forsking knytt til luktesansen vår. Dei har funne ut at nervebanene for lukt går til området i hjerna vår som har med kjenslelivet vårt å gjere, og dei er kobla saman med hukommelsen vår.

Luktecellene våre står altså i direkte kontakt med hjerna gjennom nervetrådar i ”silbeinet”. Derfor vekker lukt ofte sterke minner og kjensler. Kor god luktesans du har og kva lukter du oppfattar har i følgje desse forskarane med genane dine å gjere.  Du veit at enkelte familier er meir vare for lukter enn andre, ja til dømes når bøndene skal tøme gjødselkjellarane om våren. Det er dei same som klagar og kranglar om lukta kvart år, no veit vi altså at det er medfødt.

Her i huset har vi ei luktmaskin som alle er glade i. Det er ei kjøkkenmaskin som produserer brød, som eltar brøddeig. Kvar veke bidreg ho til at huset vårt vert overstrøymd med ei herleg brødlukt, og vi får forventingar om at noko godt er i emning.

Vi vaksne får assosiasjonar til eigen barndom, og ungane gler seg over nysteikte brød. Slike stunder med felleskap rundt bordet og brødet er ikkje til sals for pengar, men er ei investering i eige kjensleliv. Skal du ta vare på eiga og andre si psyke så er brødbaking tingen.

Fire store grovbrød

2 liter deigvæske, vatn, mjølk eller ei blanding av desse to

100 gram gjær (2 pakkar)

Litt salt

Litt sukker

Litt olje eller margarin

1 kg fint sammalt kveitemjøl

ca 1600-1700 gram sikta kveitemjøl

Varm væska til 37 grader og slå ho over i bollen som tilhøyrer kjøkkenmaskina di. Tilsett  gjæra, litt salt, sukker og olje. Ha i sammalt fint kveitemjøl og la maskina gå nokre minutt. Tilslutt har du forsiktig i det fine kveitemjølet. Kjenn på deigen undervegs og vurder kor mykje du skal ha i. Deigen skal ikkje vere for blaut men heller ikkje for fast. Det er her kunsten med brødbakinga ligg. La maskina til slutt gå i nokre minutt slik at deigen vert godt elta.

La deigen heve til dobbelt storleik, før du knar han i hop att og bakar ut fire brød som du legg i form eller i langpanne med margarin smurt mellom brøda. La brøda heve i ein halvtime før du steiker dei på 220 grader i 45-50 minutt. Avkjøl brøda på rist.

Dette er ei grunnoppskrift til fire store brød som kan varierast etter lyst, behov og kva du har i skapet. Du kan for eksempel tilsett solsikkefrø, linfrø eller andre liknande frø, og prøve deg fram med ulike sortar deigvæske. Eg synest at ved å bruke sammalt fint kveitemjøl så smuldrar brødet mindre, men bytt gjerne ut litt sammalt kveite med havregryn eller kanskje litt grovt sammalt.

This entry was posted in: Gjærbakst, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

10 Comments

  1. Når jeg baker grovbrød synes jeg at det blir tørt omtrent før jeg har fått det ut av ovnen… Derfor baker jeg nesten aldri grovt lenger. Har du noen gode tips?

  2. Eg brukar anten sammalen kveite, fin+sammalen rug, grov eller omvendt sammalen kveite, grov og sammalen rug, fin. Det grove sammale mjølet kan lett gi smuldrete brød, og det fine klissete brød. Havregryn gir holdtbart brød. Grovprosenten 70-80 % grovt til kvardags. Har ein god tid, kan ein bruke 1/2 pk gjær og 3 t heving. Det gir meir smak på brødet.

  3. Jeg (som ikke er den store husmor ..) baker faktisk brød .. Sjelden jeg har kjøpebrød. Bruker en superenkel og sunn oppskrift. Løs deig som bare røres sammen i bollen, og helles i formene (som er kledd med bakepapir) Står 20 min. i kald ovn før de stekes 1 time. Blir veldig saftig og godt. Veldig fort gjort, lite søl, og kun en bolle som må vaskes 😀 Selv formene er like rene når brødene løftes ut

  4. Jeg vil bare rose din flotte blogg! Gode oppskrifter og ikke minst fordi jeg elsker kombinasjonen snakk om mat + nynorsk. Kan ikke forklare det, det er bare et fantastisk fenomen:) Jeg skriver også mye om mat, men da ikke på nynorsk…

  5. Bipbap: Send meg oppskrifta, så kan eg legge den ut – viss du vil!

    Ada: Takk, det var kjekt å høyre!

  6. tia says

    Hei, må bare si at bloggen din er inspirerende og kjekk å lese! Har prøvd både middag og kakeoppskrifter fra deg.
    Jeg baker alltid brød ved å varme opp væsken med salt, søtt og litt olje og ha i govt mel og frø. Lar dette stå et par timer, tilsetter så det fine melet og tørrgjær, elter i vei og lar deigen heve i mange timer, feks natten over. (Bruker bakebolle med lokk). Poenget er at en klarer å tilpasse det våte og det tørre slik at en slipper å tilsette for mye mel når en former brødene. Mener denne metoden gjør at væsken får trenge inn i melet og gjør brødene spiselig i flere dager 🙂
    Har ikke fast oppskrift, men etter mange år går det på «gefylen» og stort sett blir det bra….
    Tia

  7. irma says

    Jeg er også brødbaker 🙂 Min erfaring er at brødet kan bli litt tørt hvis jeg har i for mye mel, deigen kan godt være litt småklissete når den settes til heving. Alt melet skal i før heving, bruk så lite som mulig til utbaking. Og det må eltes mye, min 5.min i maskin. Det hjelper mot smuling/tørrhet.

  8. Trine says

    Her var det mange mange gode råd fra flinke bakere. Jeg har et spørsmål. Mora mi baker gode brød, og bruker ofte mjølk som har gått ut på dato. Rester av graut går også i deigen. Jeg har prøvd det sjøl, men synes det lukter litt kleint av deigen, før jeg steiker.
    Har noen erfaringer å dele? NB: Her er det snakk om vanlig søtmjølk som er blitt sur, ikke edel vare som kefir eller kultur.

  9. Trine: Heime hos oss var det og mykje rart i brødmauket. Graut, sur mjølk, fløte og rømme gjekk i brøddeigen. Vi har overlevd, og brøda smakte fantastisk, så eg trur nok det er trygt. Ein må styre unna mugg og slikt, men elles trur eg vi toler det meste. 🙂

Leave a Reply