Billig mat, Fest, Heidi, Noko søtt, Veggis
Comment 1

Deilige søte saker

Heidi har lagd søt gjærbakst i dag, og eg sit her med vassflog i munnen. Dette er noko av det beste eg veit! Slik bakst er ikkje komplisert, så lenge du har råvarene i huset set du deigen medan du held på med andre ting. Perfekt søndagsbakst!

Alt godt

Klippekrans med vanilje

4 ss margarin

4 dl mjølk

50 gram gjær

5 ss sukker

1 egg

ca 10 dl kveitemjøl

Fyll:

Vaniljekrem, gjerne ferdigkjøpt.

Alternativt fyll:

Sjå i teksten under.

Smelt margarin og varm margarin og mjølk til 37 grader. Rør gjæra ut i deigvæska og ha i sukker. Ha i egget og kveitemjølet til slutt. Ha i litt mjøl om gongen slik at deigen ikkje blir for laus men heller ikkje for hard. Strø gjerne litt mjøl over dersom han blir litt laus. Hev deigen i bakebollen med eit klede over i 30 minutt.

Legg deigen på bakebordet og kjevl ut til eit rektangel som er 30 x 70 cm. Smør vaniljekrem over leiven, men unngå å smøre heilt ut til kantane på langsidene. Rull leiven saman og legg skøyten ned mot steikebrettet. Klipp i kransen med ei saks og brett annankvar snipp til høgre og venstre. Etterhev kransen i ca. 20 minutt og pensle han med samanpiska egg.

Steik han på nederste rille i ca. 25 minutt på 190 grader. Når kransen har kolna har du melisglasur oppå. Ønskjer du ikkje å klippe opp kransen kan du ha dette fyllet inni: 3-4 dl heile mandlar, 3 dl rosiner, 7 ss sukker og 7 ss margarin. Mal mandlane i ei matmølle og bland i resten. Smør fyllet utover leiven og rull han saman.

Gjærlengde

150 gram margarin

2 dl mjølk

50 gram gjær

4 ss sukker

1 egg

ca 400 gram kveitemjøl

Fyll 1

Vaniljekrem

Fyll 2

100 gram margarin/smør

1 dl sukker

2 ts vaniljesukker

50 gram hakka mandlar eller nøter

50 gram rosiner

Fyll 3

Syltetøy, for eksempel eplesylte, rabarbra eller stikkelsbær.

Bland 1 ss potetmjøl inni syltetøyet.

Smelt margarin og ha i mjølka og varm dette til 37 grader. Rør gjæra ut i væska. Tilsett sukker og egg. Ha i kveitemjølet til slutt, og lag ein deig som ikkje er for laus men heller ikkje for fast. Hev deigen i 40 minutt under eit klede.

Legg deigen på bakebordet og kjevl ut eit rektangel som er 40×25 cm. Legg fyllet du har valt midt på leiven og brett langsidene innover mot fyllet. Du får ei opning med fyll midt på der deigen ikkje er bretta i to. Hev gjærlengda i 30 minutt. Pensl ho med egg og strø perlesukker over.

Steikast på 225 grader i ca 20 -25 minutt. Pass på at ho ikkje vert brent. Som du veit er all gjærbakst best same dagen, så kaffien må vere klar når du tek stengene ut av omnen. Lykke til!

1 Comment

Leave a Reply