Fest, Noko søtt
Comments 2

Dessert- og kakemenyen

Vi planlegg altså ein buffet i denne konfirmasjonen. Det er ikkje eit koldtbord, her manglar både karbonader og råsjbiff. Det er heller ikkje tapas. Det er ganske enkelt ein buffet sett saman i samråd med konfirmanten av ting som ho likar, og som ho trur at dei andre gjestane vil like.

Nokre av kakene blir medbrakt av vennlege gjestar som syns det er hyggeleg å bidra med noko. Eg snakka med kona til Singh her om dagen, ho har slikt eit komplisert namn at eg aldri har fått det med meg. Det er noko på K. Ho fortalte at i Kashmir der ho kjem frå er det å ta med mat ikkje vanleg. Det som derimot er vanleg er å kome dagen før og hjelpe til med å gjere klart til festen. Men for å få eit skikkeleg sunnmørsk kakebord er ein plent nøydd til å basere seg delvis på bidrag frå gjestane.

Dessertane vert servert i små porsjonsglas, og til 40 personar lagar eg 30 porsjonar av kvar dessert. På den måten får dei fleste smakt på alle dessertane. I tillegg lagar eg gelé i små glas til barna. Her er det gjestane vil få:

Dessert:

Sjokolademousse (mjølkefri)

Pannacotta

Bondepiker med marengs, krem og eplesyltetøy

Gelé

Kaker:

Sjokolademoussekake med mandelbotn- eg bakar

Brownies – veslesøster bakar

Kvæfjordkake – Fadder U bakar

Suksessterte – mellomste bror bakar

Ostekake -veslesøster bakar

Cheesecake-brownies – eg bakar

Rullekake – bestemor bakar

Ost med rosegelé og fikenmarmelade

This entry was posted in: Fest, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Trine says

    Jeg er så imponert. Til tross for manglende sunnmørske aner får jeg en ubehendig trang til å dra til Sunnmøre. Fabelaktig slagplan. Masse lykke til, både til mora og dattera.

Leave a Reply