Fest, Fredag
Comments 11

Tru det eller ei

-Eg har altså gjort alt som står på lista frå i dag tidleg, unntatt det som skal gjerast i festlokalet. Det skal vi avgarde og ordne no.

Den nydelege buketten ved sidan av her har eg fått av skjønne Ovedia, som var innom på onsdag til middag saman med to andre flotte damer. Astrantia major, eukalyptus og roser, og til og med ein nellik har lista seg inn der. Er den ikkje fin? Camilla hos Fem sanser har laga den.

No er skjortene strøkne, dressen pressa og det som skal bakast er bakt. Kjøkkenhjelparane har vore innom og fått lange lister med instruksjonar, og eg har full tillit til at dei ordnar det som skal ordnast og meir til.

Til morgondagen har konfirmanten ønska seg gerbera, dei har Ovedia henta, og skal lage fine dekorasjonar. Hurra! Eg er så glad fordi eg har ei nær meg som får til slikt!

Eg ynskjer alle som stikk innom ein fin kveld og ei fredeleg helg.

This entry was posted in: Fest, Fredag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

11 Comments

  1. Gratulerer med konfirmanten og lykke til imorgen!

    Til neste år kan du kanskje komme hit og ordne for meg…?

    Klem

  2. maiblomst says

    Så herleg å ha alt under kontroll!
    Til lukke med dagen!

  3. Jorid says

    Gratulerer med konfirmant og til lukke med dagen i morgon. 🙂

  4. Lykke til med konfirmanten og morgendagen! Det ligger an til en fin ramme til en stor dag!

    Trine 😉

  5. God helg, tillykke med konfirmanten (og TIL konfirmanten!) og … godt jobba! Håper dagen går som planlagt og ønsket, og at dagen derpå byr på masse kos og avslapping 🙂

  6. Villrose says

    Gratulerer og lykke til 🙂 Dette blir bra!

  7. Elsa says

    Tillykke med konfirmanten og med dagen i morgen. Håper dere får en kjempefin dag:)

Leave a Reply