Grønsaksterta var det vegetariske alternativet i konfirmasjonen no på laurdag, og den var også mjølkefri. Den smakte så godt at den vart borte på null tid, så den bør du prøve.
Treng du ikkje ta omsyn til mjølk eller ikkje mjølk kan du bytte ut soyarømmen med vanleg kesam eller lettrømme, det blir billigare. Slik gjorde eg det:
1 gul løk
2 gulrøtter
2 pastinakkar eller persillerot
½ squash
2 poteter
4 sjampinjongar
Ein vårløk
4 ss olivenolje
Salt og peppar
5 egg
1 boks soyarømme
Nokre kvistar bladpersille
2 dl riven pecorino
1 ss sitronsaft
Hakk sjampinjongen fint, og riv dei andre grønsakene grovt. Fres først soppen og så dei andre grønsakene til dei er blanke og løken er gjennomskinneleg. Smak til med salt og nykverna peppar.
Smør ei paiform, og fordel grønsakene utover. Bland saman rømme, egg, ost, sitronsaft og hakka urter, og hell det over.
Bak paien i omnen på 175 grader i ca. 50 minutt. La den stå litt før servering. Server med tomataioli.
Jeg har aldri prøvd en vegitarianpai før, men denne hørtes så god ut at den skal jeg prøve ut:)
Denne hørtes veldig god ut. Jeg er litt på GI-kjøret for tiden, og da er jo denne genial! (Potetene skal være en enkel sak å erstatte)
Den er kjempegod. Finn du jordskokk kan du erstatte potetane med det. Eller persillerot. Den er genial, ja! 🙂