Allergi, Fest, Mat
Comment 1

Skagenrøre

På festbordet sto det også ein stor bolle skagenrøre. Skagenrøre er ein majonessalat med lodderogn, reker og dill. Den er deilig på godt brød, og er mjølkefri. Vil du lage den ekstra fin pillar du ferske eller nytina reker. Eg brukte reker i lake fordi det måtte gå fort. Slik lagde eg den:

Skagenrøre

5 dl majones

2 dl nyklipt og finhakka dill

1 dl finhakka grasløk eller sjalottløk

300 gram avrente eller nypilla reker

100 g avrente krepsehalar

100 g raud lodderogn

Nymalt peppar

Litt sitronsaft

Ørlite sukker viss du brukar reker frå lake

Bland saman majones, urter, løk, sitronsaft og sukker. Vend forsiktig inn lodderogn, reker og krepsehalar. Pynt med dillduskar og litt meir lodderogn.

This entry was posted in: Allergi, Fest, Mat

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Lokalt her i Halden skal det være avrent hermetisk hvit asparges oppi også. 🙂

Leave a Reply to smgj Cancel reply