Grønt
Comments 2

Ein fin søndag

Eg tilbrakte søndagen i Botanisk hage, i godt selskap og med kamera. Men først knipsa eg denne i min eigen hage, er den ikkje fin?

Seinare fann vi blomstrande blodrot i botanisk. Fin, denne og!

Magnoliaene har ikkje blomstra enno, neste helg tenker eg dei står i fullt flor. Då bør du legge turen innom viss du er i byen!

I mellomtida kan du jo geriljahage litt? 1. mai var den store geriljahagedagen, men då var eg så inne i konfirmasjonståka at eg ikkje fekk blogga om det. Men gå i gang, grav ned påskeliljeløkar frå i vinter, dytt solsikkefrø ned i grøftekantar og plant ein heuchera-avleggar der ein minst skulle vente det. Lykke til med geriljahaginga!

This entry was posted in: Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Hajal says

    Blodrot har flotte blomar, dessverre har den kort kort blomstringstid og hos meg hadde den felt alle kronblada til 1. mai.
    Juleroser er flotte plantar. Rundt eit par av mine plantar tyt det opp spirar i hopetal – slik går det når ein ikkje passar på frøhausten sin i tide. 🙂

    Geriliahaging ja….kansje eg skal ta deg på ordet og putte ned solskikkefrø her og der – iallefall ein god tanke nå når eg i skrivande stund ser ut vindauget på snøfiller som dalar ned frå skjul!

  2. ÅÅåååååh, jeg ønsker meg hage! Hus og hage 🙂 da skal jeg plante!

Leave a Reply