Billig mat, Noko søtt, Veggis
Leave a Comment

Nøttestang

Då eg tenkte ut namnet på denne deilige kveitestanga kom eg plutseleg til å tenke: Var det ikkje ein sjokolade som heitte Nøttestang? Men etter litt googling har eg funne ut at det var mandelstang den heitte. Iallfall, her får du oppskrift på ei nydeleg gjærkake til kaffen eller teen. Perfekt å servere med melis på søndag ettermiddag.

Eg hadde honningrista peanøtter og pistasjnøtter, og den kombinasjonen vart kjempegod. Du kan bruke både hasselnøtter, valnøtter eller mandlar, eller pinjekjerner, viss du skal lage den til nokon med nøtteallergi. Slik lagar du den:

Nøttestang

150 gram smør

2 dl mjølk

50 gram gjær

4 ss sukker

1 egg

ca 400 gram kveitemjøl

Fyll:

100 gram smør

1 dl sukker

2 ts vaniljesukker

50 gram hakka honningrista peanøtter

50 gram pistasjnøtter

Smelt smør og ha i mjølka og varm dette til 37 grader. Rør gjæra ut i væska. Tilsett sukker og egg. Ha i kveitemjølet til slutt, og lag ein deig som ikkje er for laus men heller ikkje for fast. Hev deigen i 40 minutt under eit klede.

Legg deigen på bakebordet og kjevl ut eit rektangel som er 40×25 cm. Kna saman smør, sukker og vanilje til ein krem. Smør den utover leiven, dryss på nøttene og brett langsidene innover mot fyllet. Du får ei opning med fyll midt på der deigen ikkje er bretta i to. Hev nøttestanga i 30 minutt. Pensl ho med egg.

Steik nøttestanga på 225 grader i ca 20 -25 minutt. Pass på at ho ikkje vert brent. La den kolne og smør på melis rørt ut med ørlite sitronsaft.

This entry was posted in: Billig mat, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply