Blogging, Mat
Comments 2

Ut av tåka – fin matblogg

Her er ein kjempefin og lærerik matblogg for oss som er hakket meir nerdete enn landsgjennomsnittet når det gjeld mat, eller som på eit eller anna tidspunkt i livet har tenkt at det kunne vere gøy å prøve å leve av det. Av den har eg lært enormt mykje om kokkefaget, og eg har også lært at det kanskje ikkje er noko for meg.

Bloggen er skriven av ei kvinne som er frilansjournalist, men som har bestemt seg for å prøve å utdanne seg til kokk. Det ber bloggen preg av, den er velskriven og innsiktsfull, og ho har ei veldig god observasjonsevne. Deltakarane i Masterchef ville nok ha glede av å nærlese denne frå tid til annan. Den heiter Cooking school confidential. Enjoy!

This entry was posted in: Blogging, Mat

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

Leave a Reply