Billig mat, Noko søtt, Safting og sylting, Tilbehør, Veggis
Comment 1

Kurerer gruff

Det deilige syltetøyet som er blogga om her og her, er enkelt å lage, berre ein har rabarbra i hagen og ingefær i butikken. Viss du i tillegg har kvann vert det ekstra godt.

Eit gamalt husmortriks er å alltid ha glasa ferdige, reine og kokte på eit kjøkkenhandkle før du byrjar å sylte. Når du først har byrja å koke sylta blir det eit styr å leite etter glas, for sylta skal fyllast på glasa når den framleis er varm. Slik gjer du det:

Rabarbrasyltetøy med kvann og ingefær

2 kg rabarbra

100 g kvann

2 ss hakka ingefær

1,3 kg sukker

3 dl vatn

1 pose syltepulver

2 ss sitronsaft

Hakk rabarbraen og kvannen i passe store bitar. Du treng ikkje å skrelle rabarbraen, så lenge den er lagd med nokolunde nye stilkar. Gamle treene stilkar bør bli skrelt litt.

Skrell ingefær, og finhakk den. Ha den i gryta med vatnet og 100 g sukker. La dette koke i ein halvtimes tid på middels varme, slik at ingefæren mørnar og blir nærast kandisert. Fyll på meir vatn og juster varmen dersom sukkerlaken vert for seig.

Ha rabarbra og kvann i gryta. Slå på eitt par desiliter vatn til, dersom sukkerlaken har blitt veldig seig. La alt koke opp, og skum av det som måtte danne seg av skum på toppen. Kok i 10-15 minutt, til rabarbraen og kvannen er mør. Ta gryta til side. Bland resten av sukkeret med syltepulveret, og rør det i. Rør til sukkeret er heilt løyst opp.

Hell syltetøyet på heilt reine glas medan det framleis er varmt. Fyll glasa heilt opp, og skru att loket med ein gong. Server som tilbehør til gode ostar, i musli med naturell yoghurt til eller i tilslørte bondepiker. Eller på brødskiva til frukost.

1 Comment

  1. Yay! Her er det en favoritt på frokostskiva, til musli og på pannekaker. Så langt – mer kan det bli 🙂

Leave a Reply