Fest, Kaker, Noko søtt, Ostekaker, Sjokoladekake
Comments 4

Cheesecake Brownie

Det gjekk brått opp for meg at eg aldeles hadde gløymt å poste oppskrifta til dei sagnomsuste cheesecake-browniane som eg lagde til den mykje omtalte konfirmasjonen.

Restane av denne hadde eg med på jobb på mandagen etter konfirmasjonen, og matlei som eg var var eg litt flau over å servere desse kakebitane som hadde daldra i sykkelkorga mi langs ring to i ein plastpose.

Men på kontoret forsvann dei som dogg for sol, og røynde kakeetarar skrytte av dei. Så eg fekk altså tilbake trua på denne ville idéen om å blande ostekakemasse og brownies. I etterkant googla eg det, og fann nokre variantar, så heilt unik var eg ikkje. Eg fann mellom anna sjokolademuffins med ostekaketopping. Men her er altså min vri:

Ostekakebrownie

200 g smør

250 g mørk sjokolade

275 g sukker

4 store egg

200 g mjøl

2 ss kakao

2 ts ekte vaniljesukker

150 g hakka, mørk sjokolade

Til ostekremen:

300 g nøytral kremost

1 egg

150 g sukker

1 ts vaniljesukker

Set omnen på 180 grader.

Smelt smøret på svak varme og ha i 250 g sjokolade som du har brekt i bitar. La det heile smelte vidare til all sjokoladen er flytande. Ta gryta til side, og rør inn sukkeret og egga.

Bland det turre og 150 g hakka sjokolade, og vend inn i sjokoladeblandinga. Desse bitane skal smelte inne brownien. Mmmm… Ha alt dette i ei halvstor langpanne som du har dekt med bakepapir først.

Visp saman alt til ostekremen, og fordel det utover browniemassen med ein smørekniv. Bak kaka midt i omnen på 180 grader i rundt ein halvtime. La den kolne i forma før du forsiktig løsnar den frå papiret og kuttar den i passe store serveringsstykke. Nyt.

4 Comments

  1. Hadde Helge sagt frå tidlegare enn i går kveld om korpskakebaking til i dag, hadde eg bakt denne. No vart det posebrownies i staden for, vert nok solgt dei også.

  2. Pingback: Maikaker « Alt godt

Leave a Reply