Grønt, Lykke
Comments 2

Hagevandring i byen

Ovedia og eg gjekk ein liten kveldstur, og såg på favoritthagane våre i nærleiken. Det er mykje fint no, og meir fint i vente.

Denne hagen er litt hemmeleg, den ligg i ein blindveg og er ikkje synleg for så mange. (Spør du pent så kan eg sende deg ein mail med sånn ca. adresse.)

No før jonsok eksploderer den av tusenvis av blomstrande peonar.

Denne peonalléen du ser her er berre ein del av det, det er peonar overalt. Nydeleg! Eg ber om tilgjeving for fotokvaliteten, bildet er teke med iPhone.

Om nokre dagar står det heile i fullt flor. Då må vi gå ein tur til, Ovedia og eg. Med ordentleg kamera.

Denne trepeonen står hos naboane, blomsten er på storleik med ein middagstallerken.

Den blomstrande takløken er også hos naboen, er den ikkje søt?

Eg har prøvd å ha takløk mange gongar, men den vil ikkje. Det er nok for lite sol hos meg, og for feit jord.

Som namnet seier, den er vand med å ha det skrint og tørt på eit tak.

Ei slik lita byvandring byr alltid på overraskingar. Nokre stiar kan eg, og nokre kan ho.

Innimellom husa går det råser som berre dei som bur her veit om, over leikeplassar, mellom bygårdar og over enger som ingen har bygd på enno.

Sjølv om ein går midt i byen er det fine grøne lunger som ikkje så mange av dei som hastar forbi veit om.

Kjem du innom ein dag, så skal eg ta deg med og vise deg perlene i byen. For det er mange av dei, ein må berre vite kvar ein skal leite.

Ullevål hageby er ei slik perle. Solnedgangen over hagebyen er fantastisk, raud, perlemorskimrande og forgjengeleg.

This entry was posted in: Grønt, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Å, så fint 🙂
    Hagevandring er bra. Jeg har også mine favoritthager som jeg går forbi – og roser hageeierene når jeg ser dem. Noen av dem er ganske små rekkehushager – men helt fantastiske….
    – nyt sommerkveldene!!

  2. Pingback: I fullt flor « Alt godt

Leave a Reply