Ferie, Reise
Comments 2

Kjerringøy


Kjerringøy var målet her om dagen, og det var ei blanda oppleving. På handelsstedet, som har vore levande kulisse for ei lang rekke filmar, ikkje minst Dina og Landstrykere, møtte vi ein gjeng glade amatørar, som ikkje klarte å gi oss rett informasjon og som ikkje gjorde anna enn å steike vafler som dei åt sjølve. Kokken hadde fri.

På Markens Grøde derimot, vart vi møtt av brennande engasjerte matmenneske, som bakte fantastiske brød, serverte heimeysta ost og ein deilig gulasj med oksekjøt og frisk salat. Strålande.

Viss du planlegg ein tur til Kjerringøy så må du skaffe deg Kjerringøykortet. Det kjøper du når du kjøper adgang til Handelsstedet, og gir deg gratis inngang til Zahl-låven, 20% rabatt på lunchen på Markens Grøde og masse meir. Les ferjeruta nøye, den går av og til. Parkeringa er ved kirka, og resten av opphaldet der kan føregå til fots. Ha ein fin tur om du drar!

This entry was posted in: Ferie, Reise

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Eg meiner eg såg eit innslag på TV i går om Markens grøde med store ostar og brødbaking i vedfyrt bakaromn. Det handla om sviktande turisme. Dei hadde investert 4 millionar. Eg fekk lyst dit!

    Likar

  2. Fint å lese om alt godt fra din reise – ønsker deg alt godt videre! – underveis er vi alle…. 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s