Ferie, Mat, Noko søtt, Reise
Comments 7

Møsbrømlefse

På vår ferd rundt om i Salten fekk vi smake denne lokale spesialiteten som det går gjetord om. Lefsa har til og med eiga støttegruppe på Facebook.

Møsbrøm er fyllet i ei nøytral lefse. Fyllet er søtleg, basert på brunost og mjølk, og heile greia skal spisast varmt. Dei lokale gjer det ofte med fingrane, det ser ikkje så stilig ut, men dei får gjere som dei syns er best. Vi tilreisande tyr til kniv og gaffel for å halde på stilen.

Vi vart altså invitert på møsbrømlefse på sjølvaste jonsok, og som jonsokmat passa det bra. Denne lefsa er like mektig og søt som rømmegraut, og sit i magen like lenge. Eg har funne ei oppskrift, men den må takast med ei klype salt. Dette er mat som vert lagd på slump, og kvar møsbrømlefsekokk har sin eigen variant. Men du kan prøve denne:

Deigen til lefsene:
½ l heilmjølk
½ l kulturmjølk
2 ts hornsalt
ca. 1 kg kveitemjøl

Rør saman alle ingrediensane til ein smidig deig. La den kvile litt før du delar den opp i emne, og kjevlar til passe tjukke lefser. Steik lefsene på takke på relativt låg varme. Dei skal ikkje vere brune. Dette kan du gjere i god tid, og pakke dei tett og fryse dei til du skal lage fylte lefser.

Fyll (møsbrøm):

500 g brunost
½ l heilmjølk
1-2 dl kulturmjølk
Ca. 2 dl kveitemjøl
2-3 ss sirup
Sukker
Vaniljesukker

Smelta smør

Riv osten på rivjern. Varm opp heilmjølka medan du rører på mjølet. La det koke opp før du sper med surmjølka. Ha i den rivne osten og la den smelte medan du rører.

Smak til med sirup, sukker og vaniljesukker. La det heile koke forsiktig i 10 minutt medan du rører. Hald møsbrømen varm.

Varm lefsa på takka. Ha på ei passe mengde møsbrøm, og brei den utover. Legg på ei spiseskei rømme, og brett lefsa først på halva og så snippane inn mot midten, omtrent som ei tacolefse. Aus oppi ei skei smelta smør til slutt. Server på tallerken, og ha voksduk på bordet. Møsbrømen set spor etter seg. Velbekomme!

This entry was posted in: Ferie, Mat, Noko søtt, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. kirsitn says

    Hvis du skulle klare å tuske til deg ei god oppskrift på gomme når du er der oppe, så vil jeg gjerne ha det… Farmora mi lagde verdens beste gomme, men innen jeg innså at sånne oppskrifter ikke finnes i bøker, hadde hun blitt for gammel og glemsk til å lære det bort. 🙁

    Perfekt gomme i denne sammenhengen skal ha klumpete struktur, ikke være for søt og så skal den knirke når man spiser den! 😀 Har fått med meg at det kreves helmelk, osteløpe, sukker og koking, men resten av fremgangsmåten er dessverre et stort mysterium.

    • tone simonsen says

      har bodd i salten i 45 år og spist møsbrømlefse like lenge, servert lokalbefolkning møsbrømlefse på basarer men aldri sett noen spise lefsa med fingrene….
      Gomme: kok opp 4 liter h-melk, ha i 1 liter kulturmelk, kok dette i flere timer til det har kokt nesten inn, det er nå blitt brunt, litt væske igjen, ha i 2 ss. hvetemel, kok det i 10.minutt til.ikke kok den helt tørr, da får du en tørr gomme. Ha i hvertfall 1 dl. sukker, noen liker vaniljesukker i, ha da i 4 ts. noen liker kardemomme i, evnt. 2ts. Ha den så i skåler, dryss kanel og sukker over, avkjøl. Hiv i fryseren.

  2. Med slike rettar er oppskrifta ein ting, handlaget/det som står mellom linjene noko anna. Ein burde lage saman med ein som kan det. Denne måten å smøre lefse på, er ny for meg. Eg ville absolutt ha smakt den, men eg har også ei kjensle av at det ville blitt med det.
    Spennande reportasjar!

  3. Så artig! I min barndom fikk jeg servert havregrynsgrøt med møssmørdopp. Nydelig! Husker ikke nøyaktig ingrediensene, men det må ha vært en del av den oppskrifta du deler her. Minus kulturmelk, eller surmelk, som vi sier. Vi brukte doppen (uttales dåppen) i stedet for smørøye. Nam!

  4. kjersti70 says

    Eg sit no i Steigen, i mor mi sine barndomstrakter. Ser dei har slik lefse på menyen, og må prøve den ut i morgon 🙂

Leave a Reply