Billig mat, Fisk, Middag
Comments 3

Radiomat

Onde tunger kan omtale ein person som eit radiofjes, altså ein som bør jobbe i radio der ingen kan sjå åsynet til vedkommande.

I går lagde eg radiomat, altså mat som smakar heilt fantastisk, men som ikkje ser spesielt pen ut. Du kan til og med spise den medan du høyrer på radio, eg har prøvd.

Eg var hos Ovedia og rydda litt i kjøleskapet, og der fann eg eit beger seterrømme som hadde mugna i løpet av få dagar om eg ikkje hadde forbarma meg over det. Det at denne retten er lagd med seterrømme bidreg til at den ikkje er så vakker, den skiljer seg nemleg. Brukar du creme fraiche skjer ikkje det, og det heile blir langt lekrare å sjå på.

Dette er ein rett av typen minimalt med oppvask. All maten går i ei form, og du treng eigentleg ikkje eit litermål ein gong, det meste går på slump. Denne passar til to personar, for eksempel mamma og ein elleveåring. Slik gjorde eg det:

Lakseform med rømme

1/2 pakke lapskausblanding

2 stykke laksefilet, ca. 150 gram kvar

1 dl vatn

1/2 dl kvitvin

1 ss flytande buljong

4 toppa ss seterrømme eller creme fraiche

1 ts dill

Smør til steiking

Salt og peppar

Sett omnen på 225 grader. Ha lapskausblandinga i ei lita eldfast form, og slå på vatn, vin og buljong. Strø på dillen og kvern over peppar, og set forma i omnen. Har du ikkje/vil du ikkje ha vin i, så bruk meir vatn, og ha i ein sprut sitron.

Varm litt smør i ei steikepanne, og steik laksen fort, mest på oppsida (ikkje skinnsida). Den treng ikkje vere gjennomsteikt, for den skal i omnen etterpå. Salte og pepre filetane. Kok gjerne ut panna og ha avkoket i forma.

Ta forma ut av omnen, og legg på rømmeklattar og så fisken oppå der. Rør gjerne rømmen litt nedi før du legg på fisken. Bak det heile til det boblar fint og alt er gjennomvarmt, ca. 15 minutt. Server.

This entry was posted in: Billig mat, Fisk, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Takk for oppskrift! Ser lettvint og god ut!
    Som eit lite apropos fekk journalisten i familien høyre at han hadde radiorøyst då han hadde radio som tema… Det finst irriterande stemmer og. Jostein Pedersen er min yndling. God helg!

  2. Hørtes veldig godt ut, men jeg tror kanskje jeg har villet byttet ut lapskaus med skivede poteter, og dill med sitronpepper. Skal jammen prøves. Flotte pakker med 4 stk passe store laksebiter fåes kjøpt på bunnpris.

Leave a Reply