Billig mat, Italiensk mat, Middag, Pizza, Veggis
Comments 5

Vegetarpizza med aubergine

Eg er utruleg glad i alt av aubergine, og her ein kveld hadde eg ein liggande som måtte spisast fortare enn svint.

Eg hadde ikkje så mykje anna, så eg lagde ein vegetarisk pizza med auberginen i hovudrolla, og så supplerte eg med ting eg fann i desse glasa du veit, som står innerst i kjøleskapet og som det er litt for lite sirkulasjon på. Slik gjorde eg det:

Vegetarpizza med aubergine

Pizzabotn

3 dl lunka vatn

½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær

1 ts salt

1 ts sukker

3 ss olivenolje

2 ts basilikum

ca 7 dl kveitemjøl

Set omnen på 225 grader.

Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i olje, salt og sukker. Set i gang kjøkkenmaskinen eller rør dette godt saman for hand. Ha i mjølet litt etter litt. Kjenn heile tida på deigen slik at den ikkje vert for hard men helle ikkje for laus. Den skal ikkje vere klissete, men framleis mjuk. Brukar du maskin kan du elte deigen i ca. 5 minutt.

La deigen heve i ein halvtime. Ha godt med mjøl på kjøkkenbenken, og kna deigen til ein stor bolle som du deler i to. Det vert to store pizzaer av denne oppskrifta. Strø godt med mjøl på benken og kjevl ut to pizzaer som er like store som bakeplatene i komfyren. Pass på å ha godt med mjøl under når du kjevlar slik at deigen ikkje set seg fast i benken.

Legg dei to deigane over på to mjølstrødde bakeplater.

Fyll:

Ein aubergine

Litt soltørka tomatar pluss oljen frå glaset dei låg i

Oliven, gjerne svarte kalamata

Ein liten løk

Oregano og svart peppar

Masse god ost

Skjer auberginen i ganske tynne skiver, og legg dei i ein stabel med salt strødd imellom i eit kvarters tid. Klem væta ut av den med eit kjøkkenpapir. Steik aubergineskivene i olje til dei er møre og lyst brune.

Ringle litt olje frå tomatglaset over pizzaen. Dette er den einaste sausen eg brukar på denne pizzaen. Fordel aubergineskivene utover pizzaen. Legg på oliven skore i skiver og soltørka tomatar i små bitar. Dryss på oregano og nykverna svart peppar, før du legg på osten.

Steik pizzaen på 225 grader i 10 minutt. Server med eit ruccoladryss på, viss du har. Mmmm!

5 Comments

  1. Okei. Jeg er fersk Kenwood-mann og lurer på om en såpass liten deig blir litt overkill for maskinen? Jeg syns ikke det virka som om deigen gjorde mer enn å snurre rundt uten å egentlig… eltes, når jeg brukte kroken. Prøve K-greia, og da så det enda mer poengløst ut. Jeg har sikkert gjort noe feil, og da tenkte jeg at du sikkert kan korrigere meg. 😀

  2. Ja, det ble jo mer et kjøkkenmaskinspørsmål enn et pizzadeigspørsmål. Jeg har aldri giddet å bruke maskin på sånt før, men nå har vi den, og da får jeg dårlig samvittighet av å lage deig med henda…

  3. Eg likar avataren din! 🙂 Eg brukar kenwooden til denne jobben, eltekroken for å vere heilt presis. Min når heller ikkje heilt ned i bollen, så når det er heilt nødvendig, f.eks. når eg piskar eggekvite, så løftar eg bollen litt medan den held på. Du kan justere kor lågt eltekroken går med den skruen som er like ved der du festar eltekroken. Vart det forståeleg?

  4. Takk,! Broccoli er supre greier.

    Absolutt forståelig, og en lettelse. Neste gang jeg baker skal jeg leke meg med høydejustering. 🙂

Leave a Reply