Blogging, Livet
Comments 6

Å, så kjedeleg…

No er eg verkeleg fjortis her, eg kjedar meg.

Jada, eg skal sette på musikk, og ta ein runde og rydde i huset, vi skal snart byte hus og alt det der, men akkurat no sit eg her og kjedar meg. Så då må vi finne på noko. Skal vi ta ein spørsmålsrunde? Alle bloggarar har det, no også her.

Du skal spørje om det du vil, om matoppskrifter, hagetips, kva parfyme du burde prøve, strikkeoppskrifter (då vert du sendt vidare til Gryda eller Britt Åse) eller dei store spørsmåla i livet. Eg skal svare etter beste evne og skjønn. Kast deg utpå! Har du eit spørsmål eller tre til meg?

This entry was posted in: Blogging, Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Kva syltepulver anbefaler du? Eg brukte både Jam og Certo til røring av jordbær, Certoen gav mykje tjukkare sylte – før frysing. Elles har eg ikkje sett att sukker med syltepulver til koking i år. Håper det dukkar opp.

  2. Maiblomst says

    Me er i Marseilles paa husbytte. Noko eg absolutt burde faa med meg, eller shoppe eller smake paa her nede?
    Og kor mykje vaskar og ryddar du foer husbyttet?
    Etter aa ha bytta med England og naa Frankrike, verkar det som me nordmenn kanskje svinger vaskekosten litt meir?

  3. Når kommer du tilbake? 😆 Neida. Men altså: Hvis du kunne dra hvor som helst og når som helst uten å tenke penger, ferie osv… Hvor ville du dratt da? Hvis anything was up for grabs?

  4. Monica says

    Jeg skrev her for litt siden, men det er blitt borte? Uansett, jeg har et spørsmål om parfyme!

    Jeg har brukt Green Tea av E. Arden altfor lenge nå, og trenger noe nytt. Jeg liker godt friske dufter som bare lukter rent. Noen anbefalinger?

    Takk! 🙂

  5. Hei, Monica! Nei, eg hadde ikkje gløymt deg. Måtte gjere litt research først. Green Tea oppfattar eg som ei ganske lett, aromatisk sitrusduft. Som alternativ kunne eg tenke meg å foreslå Lancome sin Aromatonic, som er relansert no. Den er ein bodysplash, men har ganske god varigheit på huda, og har den same aromatiske sitrusfølelsen bortsett frå at der er hovudnoten lime.

    Eit anna alternativ viss du vil ha noko meir parfymeaktig, altså noko som sit betre på huda, er Pleasures frå Estee Lauder. Den er frisk og grøn, og ikkje for søt. Gucci: Envy me er også ei duft du kunne like, trur eg.

    Du kan også prøve den nye splashen til Marc Jacobs, Pomegranate. Den er noko meir fruktig, men veldig behageleg på. Eg likar også Biotherm sin nye Eau de Paradis, eg får mange kompliment når eg har den på meg.

  6. Monica says

    Tusen, tusen takk for svar! Da skal jeg ut og lukte meg frem til ny favoritt 🙂

Leave a Reply