Kunst
Comments 3

Siste paparazzi-bilde

I går, før vi sette oss på flyet, rakk vi å få med oss Yves Saint Laurent-utstillinga i Petit Palais. Den er sommarens store mote-snakkis i Paris, og er konstant utselt.

Vi var innom Fnac, ei elkjøp-liknande forretning som også har eit billettkontor der du får kjøpt billettar til alt mellom himmel og jord. Eg anbefalar deg å bruke dei viss du skal til Paris, og skal planlegge kva du skal gå på av utstillingar og konsertar. Du kan bestille billettar via nettsidene deira, eller gå i ein butikk i Paris, viss arrangementet du skal på er meir enn 48 timar fram i tid.

Her ser du køen då vi gjekk frå utstillinga, det var ein tjue meter lang kø for dei som hadde førehandskjøpt billettar, og køen som du ser mest av her, er for dei som ikkje hadde førehandskjøpt. Den køen strakk seg i periodar heilt ned til Champs Elysées. Berekna ventetid: ca. to timar…

Denne utstillinga var også belagt med eit veldig strengt praktisert fotoforbod, og med så mykje vakter som vandra rundt var det å dra fram canon-kameraet mitt var heilt uaktuelt. Dermed måtte eg ty til iphonen min.

Fotokvaliteten vart elendig, og bildet her til høgre er det einaste som yter den fantastiske utstillinga eit snev av rettferd.

Eit av dei mest interessante aspekta ved utstillinga var presentasjonen av den rolla Yves Saint Laurent spelte i kvinnefrigjeringa på femti- og sekstitalet. Elleveåringen var heilt i sjokk over at det at damer skulle gå i bukser var kontroversielt på denne tida.

Sosietetsdama Nan Kempner gjorde furore då ho i 1968 vart nekta å kome inn på ein restaurant i New York fordi ho hadde på seg bukser, og ikkje kva som helst slags bukser, men ein dress designa av Yves Saint Laurent. Ho tok enkelt og greitt av seg buksene, og gjekk inn med dressjakka som ein minikjole. Ein tilsvarande dress som den ho hadde på seg er sjølvsagt utstilt i Petit Palais.

Avslutninga er fantastisk, med «The Grand Ball Room», nærare 100 av dei vakraste kjolane utstilte som på eit gamaldags ball. På veggen overfor ballrommet er «The Smoking Room», ein vegg dekka av smokingantrekk av Yves Saint Laurent, i alle variantar. Alle er svarte, nokre av dei med små besetningar av kvitt, og det gjer faktisk ein utruleg imponerande og samtidig subtil effekt på svart vegg. Antrekka blir som ein tekstur på veggen, og når du ser nærare ser du fleire og fleire vakre detaljar og variasjonar på det enkle utgangspunktet; ein smoking.

Til slutt blir vi leia igjennom ein gang der tekstilprøver i alle fargar, teksturar og kvalitetar er stilt ut oppover veggane. Det gir ei fantastisk regnbogeeffekt og viser også kor grundig Yves Saint Laurent jobba med å velge tekstilar til kreasjonane sine.

Planlegg du ein tur til Paris dei næraste dagane så er denne utstillinga eit must. Den er open til 29. august.

This entry was posted in: Kunst

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Hahaha, morsomt innlegg. Bukser er nok en velsignelse for både liten og stor. Min mormor hadde heltestatus blant venninnene fordi hun brukte bukser. Det syntes de var kult. 😀

  2. Stemmer det med buksene, ja. Da jeg var en sånn 12-14 år gammel måtte man ha dokumentert helsemessig grunn til å gå med bukse i stedet for skjørt på skolekjøkkenet.
    Du snakker meg om å bli pressa ned i forma 😆

Leave a Reply to Anita K.Cancel reply