Grønt
Comments 2

Eg går i frø…


Vel, ikkje heilt bokstaveleg, men hagen min er altså full av frø som eg har samla inn. I dag byr eg på matrem og vossakvann.

Matrem er ein sommarblomst som veldig lett frøsår seg. Når du først har fått den i hagen så har du den, men den er fin, og lett å luke, så eg syns ikkje den er plagsom. Den har små, kvite, fylte blomar, og passar godt saman med det meste.

Vossakvannen kjøpte eg i botanisk hage i fjor, og den har spreidd mykje glede både i rabarbragraut og i syltetøy etter det. Det er ein sterkt aromatisk skjermplantevekst som er toårig. Eg vonar den også frør seg lett, for eg vil veldig gjerne ha den tilbake neste vår.

You know the drill, send meg ein mail på altgodtblogg ætt gmail dått com, og legg att namn og adresse, så kjem det frø i posten.

This entry was posted in: Grønt

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Hajal says

    Vossakvan hadde vore kult å ha i hagen….
    Her omrking veks det bare sløkje og det er jo noke heilt anna 😉 – forresten eit stykke oppe i fjellet er det ein stad det heiter Kvannskreda og der veks det sikkert kvann, men staden er utilgjengelig for meg slik helsa mi er no!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s