Frustrasjonar, Livet
Comments 7

Juks og bedrag

Eg har tidlegare skrive om det å kjøpe inn, og korleis butikkane gjer sitt beste for å lure oss forbrukarar til å betale meir enn nødvendig.

Midt på sommaren i 2009 vart marknadsføringslova endra. Tidlegare var det eit ganske strengt forbod mot tilgift i Norge. Tilgift er når du får noko på kjøpet, noko som skal lokke deg til å kjøpe ein ting. Etter at den nye marknadsføringslova trådte i kraft, vart dette forbodet oppheva.

Dette har dei store matvarekjedene utnytta til fulle. Butikkane er fulle av tilbod om «deal», der du får cola på kjøpet viss du kjøper pizza, eller saus på kjøpet når du kjøper kylling. Du får tre for prisen av to, og to bleiepakkar for prisen av ein.

Som innkjøpar mislikar eg tilgiftssystemet. Ja, det er flott å få noko. Men får du det du treng? Vil du ha cola? Kanskje du hadde tenkt å parmesangratinere kyllingfileten, kva skal du då med saus? Kanskje sausen går ut på dato før du får brukt han? Eller kanskje du ikkje likar den valgte typen saus? Du får heilt sikkert ikkje bytte den ut med ein annan. Leverandørane sponsar desse tilgiftene, og avtalen gjeld kun dei utvalde produkta.

Dette er eit klassisk døme på ein måte å forvirre forbrukaren på; uoversiktleg prissetting. Mennesket har ei sterk dragning mot ting som er eller som vi oppfattar som gratis. Det kan få oss til å kjøpe noko vi eigentleg ikkje treng eller vil ha, berre for å få tingen som følgjer gratis med.

Mennesket har ein tendens til å rasjonalisere sine valg i dei fleste situasjonar, også når ein kjøper inn. Cola er ikkje min favorittdrikk. Men eg tenker kanskje at eg kan spare colaen eg sjølv eigentleg ikkje drikk til ein gong eg får besøk av nokon som likar cola. Spørsmålet er berre; når får eg det? Og kanskje har butikken ein annan pizza, som er like god, som kostar mindre enn den i tilbodet, men som eg ikkje ser fordi eg er «blinda» av tilbodet på pizza pluss cola?

Denne måten å prissette varer på kan også vere miljøfiendtleg, fordi den skaper meir avfall. Eg irriterer meg grøn i Danmark, der er det tre for to-prising som er den vanlege måten å gje tilbod på. Det er vel og bra for store familiar med høgt forbruk. Men kva med oss småhushalda? Er ein ein eller to til bords har ein ikkje bruk for så mykje mat, og det heile endar med at ein kastar mat som ikkje har blitt spist.

Dersom ein kjøper berre ein av ein ting, eller vel bort tilgifta til det produktet ein kjøper, er ein på toppen av det heile med på å subsidiere dei som kjøper tre for prisen av to. Dette er også urettferdig overfor små hushald, som dermed ikkje nyt godt av dei rabattane butikken gir.

Tilgiftssystemet provoserer meg, eg syns det berre er egna til å forvirre oss som forbrukarar. Som innkjøpar på jobb kan eg sette mine eigne vilkår, eg kan be om tilbod utan tilgift og subsidierte produkt. Som forbrukar er eg prisgitt matvarekjedene sine skitne triks, og masse energi går med til å forstå og å gjennomskode systemet. Bortkasta energi, spør du meg.

This entry was posted in: Frustrasjonar, Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Jaha. Så det er derfor! Jeg gikk en gang på kurs i reklamerett, og var godt klar over tilgiftsregelen. Jeg hadde ikke fått med meg lovendringa, bare merka meg at butikkene så ut til å gi blaffen. (Gjelder konkurranser også, forresten.) Kan ikke forstå hvorfor de fjerner en fornuftig regel!

  2. Jupp, dette er en uting. (Noe norske forbrukermyndigheter vel er enig med, men så var det dette EU da..)

    Jeg ender ofte med å ikke kjøpe den pizzaen som tilbyr cola til, om jeg ikke vil ha colaen, for da er jo ikke pizzaen et godt kjøp lenger, om du skjønner… Irritert blir jeg av slikt tull. Jeg vil ha det jeg vil ha, og ikke en masse ekstra drit. Betale for det gjør man jo uansett.

    «there is no such thing as a free lunch»

  3. Eg er så enig med deg, men eg bit på. No har eg rikeleg Baligryte og tortillalefser for å seie det sånn. Mat er ein ting. Her i huset vert det nok oppete, men når det gjeld kle og sko irriterer det meg meir, faktisk så mykje at eg unngår dei tilboda. På Cubus fekk eg høyre at eg var den einaste dei hadde høyrt om …

  4. Også hjertens enig. Jeg trodde også man drev med ulovligheter, siden vi lærte svært grundig dette med forbudet mot tilgift da jeg gikk vg skole på søttitallet.

    Æsj!

  5. «Ser du skal ha pornoblad, ja. Vil du ha kondomer eller tørkepapir også?»

  6. Jeg er helt enig, men det er ikke forbudt å utnytte det faktum at så mange forbrukere ikke gjennomskuer dette. Syns det er vel så skremmende at kunder faktisk går på slikt…

Leave a Reply