Utstyr
Comments 16

Hybelutstyr for hybelfolk

På ein liten hybel med varierande fasilitetar og med eit studielån som fordunstar utan solskin kan det vere ei utfordring å få til god og spennande mat utan å gå konkurs. Her får du nokre tips som kan inspirere til utprøving og eksperimentering i matvegen.

Det viktigaste når ein skal lage god og rimeleg mat er å ha nokre basisvarer i huset, slik at ein slepp å kjøpe alt når ein skal ut og handle. Pass på når ting er på tilbod, eller sjekk ut innvandrarforretningane der du bur, dei er ofte veldig billige på tørrvarer som toler langvarig lagring. Spesielt ris, pasta, chilisaus, soyasaus og soltørka tomatar er mykje billigare hos våre nye landsmenn enn på rimirema.

Det klassiske hybeltrikset er å invitere foreldra dine på besøk, og så gå i butikken. Då betalar dei, og du kan få handla litt basisvarer som du kan ha mykje moro med. Styr unna einmannsmiddagar og ferdigpizza. Det er dyrt, og smakar ganskje kjedeleg. Du får det mykje betre til sjølv. Suppler med nokre grønsaker som held seg ei vekes tid i kjøleskapet, så har du nok til å lage ein krisemiddag sjølv om du er blakk.

I tillegg til tørrvarer og grønsaker treng du noko basisutstyr, og her er det berre å tråle kjøkenskuffene til folk som har vondt for å seie nei til deg, og som har meir enn dei treng. Dei fleste heimar har dobbelt opp av mykje kjøkenreiskapar, så det er ingen grunn til å gå ut og shoppe.

Det er og smart å ynskje seg stilig kjøkenstæsj i julegåve og bursdagsgåve, klare og tydelege ynskjelister distribuert på ein strategisk måte minskar risikoen for håplause gåver som du likevel må bytte.

Nokre ting kan du like gjerne skaffe deg to av, typisk slikkepottar og tresteikespadar. Dei kostar nesten ingenting, og du slepp å vaske opp heile tida medan du lagar mat. Sky alt som kan brukast til berre ein ting, som til dømes parmesanrive, aspargesgryte eller avocadoskåler. Slikt tøys får du tidsnok.

Eit lite tips for å finne ut kva som er billeg og dyrt når det gjeld mat er dette: Samanlikn kiloprisane. Kokt skinke, til dømes, kan koste alt frå 99,- til 249,- pr. kilo i same butikk! Det er enorme prisskilnader, så pass på, og sjekk prisane før du står i kassa.

Basisvarer i hybelhylla:

Pasta
Ris
Nudlar
Bulghur
Salt og peppar
Tørka timian
Tørka basilikum
Soltørka tomatar
Salt soyasaus
Søt chilisaus
Sukker
Kveitemjøl
Havregryn
Buljong – kjøtbuljong og fiskebuljong i terningar
Parmesan i stykke (luksus, men eit stykke varer lenge)
Pinjekjerner (også luksus, men…)
Boksar med bønner i tomatsaus, hakka, hermetiske tomatar, erter, ananas, mais etc.
Glas med pastasaus
Boksar med tomatpuré
Boksar med tunfisk
Matolje – soya eller solsikkeolje er fine til vanleg steiking, olivenolje til salatdressingar
Eddik – gjerne to, ein kvitvinseddik og ein balsamico.
Margarin
Egg

Basisgrønsaker:
Løk
Kvitløk
Stangselleri
Poteter
Gulrøtter
Kvitkål

IMG_3747

Knivane har det best på ei magnetlist.

Basisutstyr:
Skjerefjøler, ei stor og eit par mindre.
Litermål, gjerne eit stort og eit lite
Ein knallgod stor kniv (set Victorinox på ynskjelista, dei er dei beste og billegaste av dei dyre. Culina har med svart plastskaft, dei er rimelegast.)
Brødkniv med sagblad
Ein knallgod liten kniv (gjerne også Victorinox)
Slipestål
Potetskrellar
Visp (eg syns halv ballongvisp er best, spør i butikken)
Ein bolle, heller stor enn liten.
Boksopnar (Kjøp ein god ein, du kjem til å ha den lenge!)
Flaskeopnar (Kombi vin- og øljekk er lurt)
Ause

IMG_3736

Halv ballongvisp – slik ser den ut!

Rivjern
Tre tjukkbotna gryter, f.eks. 16 cm, 20 cm og ei diger, helst stål
Ei steikepanne, helst med titanbelegg
To tynne trespadar
To slikkepottar
Matpinsett
Salatbestikk
Handmiksar
Stavmiksar (Braun har ein lur ein som er begge delar, smart!)
Grytelappar
Gryteunderlag
Dørslag

This entry was posted in: Utstyr

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

16 Comments

  1. Victorinox – om disse er det VIKTIG å vite at de med plastskaft har samme knivblad som de med treskaft, men selv om treskaft er flottere og mer fancy så er plastskaft-kni8vene gjerne billigere og tåler vann bedre. 😉

    Og man trenger en knivsliper og å lære seg å bruke den. (Det at man ikke KAN slipe kniver er bare tull. Det er bare å forsøke og de aller fleste kniver blir bedre, om ikke perfekte. Kjøp gjerne en sånn idiotsikker knivsliper – de virker også, selv om jeg sverger til diamantfilene. http://www.woodcraft.com/Family/2063629/2063629.aspx )

  2. Lovise says

    Jeg ville også ha slengt på et dørslag i lista over ting du trenger. Fint til drenasje av all slags kokt. Dessuten er grytelapper mitt nest-nødvendigste redskap på kjøkkenet. Ellers er jeg enig på alle punkt!

  3. maiblomst says

    Victorinox-knivane kjem også ofte på tilbod!
    T.d. Jernia har ofte tilbod på knivar, gryter og
    andre nyttige ting. Lurt å følgje med.
    Ein annan lur ting, er å ta foreldre med når du flyttar på hybel.
    Ta dei med på Jernia, Obs, eller liknande, så får du økonomisk hjelp
    til innkjøp av viktig utstyr;-)

  4. Takk for innspel! Slipestål, dørslag og grytelappar er teke inn på lista. Jernia har faktisk tilbod på Victorinox-knivar akkurat no, fin julegåve, sjølv om det er relativt små knivar, ikkje kokkestorleik.

  5. … og der har du skyld i at det ble en ny brødkniv. Den gamle brødkniven ble pensjonert i fjor (det var da den brødkniven jeg kjøpte da jeg flyttet på hybel, så den har levd sine år).
    Men siden da har vi altså ikke hatt rillet kniv. Og å skjære sprø skorpe uten riller, det er vanskelig.

  6. Eit par skåler/boller i ulik størrelse er lurt. Gjerne varmefaste som kan stablas inni kvarandre – sparar mykje plass. Kan brukast til alt frå brødbaking til serveringsfat. Og ostehøvel! Ost i kilo er billegare enn i skiver. Ein litt grovare mjøltype enn kveitemjøl er fint til alt frå pizza til muffins.

    Og sjølvsagt kokeboka «Frå bollar til burritos» om du fekk den på skulekjøkenet, den er gull første gongen du skal koke poteter sjølv!

  7. smgj: Ein god brødkniv er gull verd, ja. Eg brukar Victorinox sin konditorkniv med bua tupp. Den er perfekt til brød og til kaketing, som t.d. deling av sukkerbrød.

    Jorid: Gode innspel frå ein som har erfart det i seinare tid! 🙂

    Lovise: Å, masse fint! Eg elskar slikt fint storkjøkkenporselen.

  8. fjortenåringen says

    printer ut denne og sparer den et par år!!

  9. Eg har sett det før, og ikkje gjort noko med det fordi sida forøvrig såg ok ut. No er annonsene langt over streken, og eg vil ikkje vere del av det der. Eg har sendt dei ein mail. Takk for at du sa frå.

  10. Syns nok også noen grovere melvarianter hører hjemme blant basisvarene. 🙂

  11. Ja, viss du bakar så. Men viss du ikkje bakar har du vel begrensa bruk for det?

  12. Hmmm. Jeg har et par Sabatier-kniver jeg har hatt siden studietida. De kostet flesk, men jeg har vel egentlig aldri hatt så god råd som i studietida 😀 Norsk studielån og stipend strakk langt i Irland på den tida…
    Og jeg synes Sabatier er best…
    Har en LeCreuset-panne fra Brown Thomas også…(syttitallsbrun… men like fin)

  13. Ellers – kjempefin liste og masse gode tips. Skal videresende til døtrene.

Leave a Reply