Fredag, Livet, Lykke
Comments 23

Oppned


Livet mitt er snudd på hovudet den siste veka. Etter lang tid med tåkeskyer og trist regn i sjela ser alt heilt annleis ut.

Denne helga skal eg gjere heilt andre ting enn eg trudde forrige helg, eg, eller kanskje skal eg seie vi, må mellom anna ein tur til IKEA for å bytte ut ei vaklevoren seng (:rødme:).

For første gong på lenge blir eg sett, begjært og nytt, og det er intenst gjensidig. Livet tek nokre underlege svingar av og til, og denne svingen er eg utruleg glad for. Eg er heime, han har kome heim til ein heim han ikkje visste han hadde. Eg smiler, og det gjer han og.

Eg ynskjer alle som kjem innom ei fredeleg helg, med mykje latter og glede! Klem dei du er glad i, og nyt livet. Det skal iallfall eg gjere.

This entry was posted in: Fredag, Livet, Lykke

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

23 Comments

  1. Trine says

    Høres ut som du kan få både en nyggelig helg og en deilig tid framover. Kos deg 🙂

    Likar

  2. rita says

    Så koselig lesing. Lykke til begge to, og ha ei riktig fin helg 🙂

    Likar

  3. barnebibliotekaren says

    Så hyggelig å lese! Det er godt når livet smiler…
    Ha en strålende helg, og kos dere 🙂

    Likar

  4. Slikt vil man lese en fredag formiddag, og gjerne ellers i uka også. Nyt helga og dagene som kommer.

    Likar

  5. kjersti70 says

    «Thumbs up», frå meg, og nå håpar eg du fråtsar rikeleg i denne store, fantastiske, berusande galskapen! For eigen del ser eg at etter drøye ti år har vi komme inn i ein litt grå tralt, men jammen skal eg invitere mannen til dans på stovegolvet i helga. Takk for påminninga om at kjærleiken er det største og beste i livet!

    Likar

  6. Og eg er spent på kva du kjem til å drømme i den nye senga. Blir det andre slags drømmar enn i den gamle? Nå kan det vera at du ikkje får til å hugse drømmar på ei stund, for livet ditt er vel så frodig og rikeleg at du har nok med det? Dessutan treng ein ei heilt uforstyrra stund med det same ein vaknar, dersom ein skal fange drømmen før han fort trekker seg attende og blir usynleg. Vil du melde til drømmebloggen min korleis det går med drømmelivet ditt, så tek eg begeistra imot!

    Likar

  7. Juhu! Nå er vel det meste helgen over, men jeg håper den har vært aldeles strålende! dette var veldig hyggelig lesing, kos deg.

    Likar

  8. Tilbakeping: Det skjøre, korte livet « Alt godt

Legg att svar til rita Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s