Billig mat, Tilbehør
Comments 2

Grove rundstykke

Desse har eg meir eller mindre vakse opp på. Kvar gong det var fest heime på Sunnmøre, og det skulle serverast saltmat, lagde mor mi desse rundstykka.

Grove rundstykke

6 dl mjølk

100 g margarin

1 ts salt

1 pakke gjær

6 dl kveitemjøl

6 dl grovmalt kveite, fin

Eit egg til pensling

Frø til å strø på

Smelt margarinen, og ha i mjølka. La det få passe temperatur, fingervarme. Løys opp gjæra i dette, og ha i bakebollen.

Bland saman alt det tørre, og ha det i brødvæska litt og litt til du får ein passe fast deig. Den skal ikkje vere klistrete, men heller ikkje kompakt. La deigen gjerne elte i fem-ti minutt viss du brukar kjøkkenmaskin. La deigen heve i 40 minutt.

Sett steikeomnen på 210 grader. Trill avlange rundstykke, og legg dei på bakepapir på bakebrett. Pensle dei med egg, og dryss på det du måtte ha av frø. Vi brukte valmuefrø, men du kan gjerne bruke sesamfrø, nigella-frø, gresskarkjerner eller linfrø.

La rundstykka heve på bakeplata, før du steiker dei i 18-20 minutt på 210 grader.

This entry was posted in: Billig mat, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Hei!
    Min bror tipset om denne bloggen, og jeg tenkte du ville like den 🙂 Det er bare masse oppskrifter på brød!
    paindemartin.blogspot.com

  2. Pingback: Ei lekker laksesuppe « Alt godt

Leave a Reply