Grønt
Comments 2

Haustavrunding i hagen

No held eg på og avrundar i hagen.

Blodbegerplanten er så flott at eg har sett den inn i vindauga i gangen, der kan den spreie glede litt til. Urtene har kome i hus, og blitt til urtesalt. Den sterke kjæresten min bar inn den digre agapanthus-potta, så no står den i kjellaren klar for overvintring.

På laurdag er det dugnad i burettslaget, då skal eg få sett dei siste løkane. Heldigvis er det mildver no, så jorda er mjuk og fin. Løk er til halv pris rundtomkring for tida, så no er det mogeleg å handle inn flotte løkar og knollar til neste vår og sommar.

Sjå om du finn eranthis og anemoner. Dei er så fine, dei kjem tidleg, og dei finst ikkje i alle hagar. Eg er også veldig glad i frittilaria, eller vipeegg. Utvalet vert større år for år, så det er nok å velge i. God haustøkt i hagen!

This entry was posted in: Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Bente says

    Har du en god oppskrift på å lage urtesalt?

Leave a Reply to Bente Cancel reply