Allergi, Fest, Noko søtt, Veggis
Comments 3

Marengskake med sjokolademousse

No i helga laga eg ei kake som vart borte som dogg for sol, så god vart den. Den må påbyrjast dagen før, men huskar du på det er det ikkje mykje arbeid å lage den. Botnen og sjokolademoussen må lagast på førehand, og så monterer du den dagen etter. Ei slankekake er den ikkje, men den er glutenfri. Det er vel bra?

Marengsmassen er piska opp med litt salt og eddik. Opprinneleg hadde saltet og eddiken som funksjon at marengsmassen skulle heve seg betre. Eg syns dei gir god smak og, tradisjonell marengs med berre sukker og eggekvite smakar ikkje så spennande. Slik lagar du den:

Marengskake med sjokolademousse

2 eggekviter

130 g sukker

Ei klype salt

1 ts balsamicoeddik

150 g mørk sjokolade

3 dl fløte

1 ts instant kaffepulver

1 dl fløte og skiva mandlar til pynt

Ha eggekvitene i ein bolle saman med salt og eddik. Pisk eggekvitene luftige. Ha i sukkeret skei for skei til du har ein fast, glatt marengsmasse.

Klipp ut ein runding av matpapir. Legg den under bakepapiret ditt slik at du ser rundingen. Smør marengsmasse på i ein sirkel, ca. 1 cm tjukt lag. Ha resten av marengsmassen i ein sprøytepose med tut. Sprøyt ut marengsmassetoppar rundt kanten av kaka. Har du masse til overs, så sprøyt den ut i toppar på bakepapiret, dei kan du bruke til pynt.

Steik marengsen på 100 grader i 1 ½ time.

Smelt 50 g sjokolade over vassbad, og smør den ut over den tørka marengsbotnen. Set botnen i kjøleskapet over natta.

Kok opp fløten i ei tjukkbotna gryte. Trekk gryta av varmen. Finhakk 100 g sjokolade, og ha den i fløten saman med kaffen. Rør til all sjokoladen har smelta, og kaffen har løyst seg opp. Still massen i kjøleskapet over natta.

Monter kaka ved å fordele sjokolademoussen utover med skei, og glatt ut. Pisk 1 dl krem stiv, ha i sprøytepose og pynt kaka med dette. Dryss på skiva mandlar til slutt. Kaka bør ikkje stå for lenge etter at den er montert.

 

This entry was posted in: Allergi, Fest, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Hege says

    Jeg kan skrive under på at kaken var nydelig, og forsynte meg helt til kakefatet var tomt! Tusen takk for oppskrift, gleder meg til å teste den 🙂

  2. Pingback: Maikaker « Alt godt

Leave a Reply