Livet
Comments 6

Det skjøre, korte livet

Livet tek uventa vegar, og overraskingar kan vente bak kvar sving. Nokre overraskingar er gode, og andre ikkje fullt så gode.

For tida føler eg at eg druknar i lukke. Samstundes når eit bod meg, om at ein som har vore så tett på meg som få andre har få veker att å leve. At det kom brått, og at alle tiltak er prøvd utan hell. At han ikkje er seg sjølv, av og til huskar han,  og av og til huskar han ikkje.

Eg kjenner skuld, for mi eiga lukke, for at eg ikkje vågar å besøke han, fordi eg er redd han ikkje skal huske meg, for at bildet eg har av han skal bli øydelagt og fordi han skal framstå som ein annan enn den eg kjenner han som. Eg kjenner også skuld fordi eg no er letta over at det eg lenge vona skulle skje ikkje skjedde, at det vart oss to.

Samstundes kan eg ikkje forestille meg korleis dette må vere for dei som er nær, for kjæreste og barn, for foreldre som snart skal gravlegge sonen sin. Ingen skulle måtte oppleve det, å gravlegge sitt eige barn.

Livet kan vere så altfor kort. Neste gong kan det vere meg eller mine som vert råka på denne måten.

Vi kan ikkje gjere så mykje til eller frå, bortsett frå å bry oss om kvarandre, fortelje dei vi er glade i at vi er det, og smile til våre medmenneske.

Send ein tanke til dei som sloss mot kreft og andre sjukdommar i dag, og gå heim og elsk din kvardag.

This entry was posted in: Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Takk for at vakkert innlegg.Livet er veldig skjørt. Derfor synes jeg denne tiden rundt Allehelgensdag er tiden for ettertanke. For å minnes dem som ikke er blant oss lenger, og glede over de av mine kjære som fremdeles er hos meg.

  2. For en forunderlig og sårbar situasjon. Så nært både det underbart gode og det store tapet og savnet.

  3. Nydelig og sant. Jeg skulle ønske jeg kunne tenke litt mindre på hvor skjørt livet er, jeg. Sukk 🙂

  4. Jeg har et arbeid hvor jeg ser hvor skjørt livet er. Du blir kanskje et bedre menneske av å se og oppleve det, men jeg tåler det mindre og mindre.

  5. Livet er skjørt. Det er lite vi kan gjøre med det annet enn å ta vare på hverandre så godt vi kan 🙂

Leave a Reply