Fest, Fredag, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Comment 1

Fargerik laks

Gråveret heng over oss, og det er godt å kunne lyse opp med litt fargerik mat.

I dag fekk eg ein salmalaks i hus, og den er alltid lett å ha med å gjere. Førsteklasses råvarer kan ein lage kva som helst av, og ofte er det enklaste det beste. Eg serverer laksen steikt, med urtedryss på og med ein ratatouille-saus. I hagen veks framleis persille, salvie og graslauk. Vel, å seie at dei veks er vel å overdrive, men dei lever iallfall. Dei toler frost ganske godt, og eg plukkar til det er tomt.

Ratatouille er tradisjonelt ein grønsakskompott med tomat, aubergine, squash, urter, kvitløk og løk. Eg lagar den noko lausare i konsistensen, slik at den fungerer også som saus for fisken. Smaksmessig minner min ratatouille-saus om den italienske capunataen, sidan eg har eddik og sukker i den. Det gjev ein fin sur-søt smak som går fint til den feite fisken.

Til dette serverte eg kokte poteter, men du kan like gjerne servere det med ris eller bulghur, for eksempel. Serverer du den med poteter kan dei godt vere mosa med smør og fløte, og litt riven parmesan i. Slik gjer du det:

Laks med ratatouille-saus

Til ratatouille-sausen:

½ grøn squash

½ gul squash

½ aubergine

1 raud paprika

½ raud løk

2 fedd kvitløk

1 boks tomatar

½ ts timian

½ ts rosmarin

2 ts sukker

2 ss kvitvinseddik eller eplesidereddik

3 ss olivenolje, mild

Salt og peppar

Skjer paprika, løk, squash og aubergine i små terningar, mindre enn til vanleg ratatouille. Finhakk kvitløksfedda. Varm oljen i ei vid panne. Ha løken og kvitløken i panna først, og dryss på timian og rosmarin som du knuser mellom fingrane. La det frese til løken er blank. Ha i resten av grønsakene, og fres til dei er møre og litt gyldne.

Køyr tomatboksinnhaldet glatt med stavmiksar, og slå det på panna. La det koke opp. Ha i sukker, eddik og peppar. La det koke i fem minutt og smak til med salt og eventuelt meir peppar. Sett til side.

Til laksen:

200 g laksefilet per person

Smør og olje til steiking

Det du har av friske urter

Ha 2 ss olje og 1 ss smør i steikepanna, og sett på varm plate. Finhakk urtene. Del laksen i serveringsstykke, og ha på godt med salt. Steik laksen til den har litt oransje kjerne igjen. Ha urtene på ein tallerken, og vend filetane i det før du legg dei på tallerkenen oppå ei raus ause med ratatouille-saus. Server med poteter, ris eller bulghur.

1 Comment

Leave a Reply