Bokmeldingar
Comments 5

Margit Vea: Kjøkkenpatruljen

Margit Vea har laga fleire kokebøker, alle eg har funne er konsentrert om oppskrifter for barn, eller mat til barn.

Denne gongen har eg fått boka «Kjøkkenpatruljen» frå CappelenDamm. Margit Vea har ein ledig og fin stil, og oppskriftene hennar er ei fin blanding av tradisjon og nyskaping. Her finn du oppskrift på frikassé og prinsefisk, saman med wraps og smoothies.

Eg har ikkje mykje å bemerke til oppskriftene, dei virkar gjennomarbeida og grundige. Viss eg skulle bruke lasagne-oppskrifta ville eg ha dobla mengda ostesaus, elles er det meste i fornuftige proposjonar og ikkje for komplisert.

Boka er godt, om enn ikkje så veldig kreativt utforma. Den er lett å forstå og å bruke. Siste delen av boka er lagd spesielt for barn som er på sjølvstyr i kjøkkenet, og den gir både ei innføring i grunnteknikkar, kva utstyr ein skal bruke og til kva, og grunnreglar for å arbeide i eit kjøkken.

Eg likar spesielt forslaga til kva oppgåver barn på ulik alder kan gjere når ein lagar mat med dei. Eg likar også filosofien om at barn som får delta i matlaging blir glade i mat, og glade i å lage mat. Dette er ei kjempefin gåvebok til barnefamiliar, den vil kunne skape mykje kjøkkenglede og inspirasjon.

Og for ordens skuld: Eg driv ikkje med dette… 😕

This entry was posted in: Bokmeldingar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Denne så veldig fin ut! Mulig det blir gave til meg se-nei, jeg mener sønnene mine! til jul … *kremt*

  2. Jorid says

    Kokebøker for born egnar seg svært godt til litt voksnare born også, gjerne dei som ikkje hadde tilsvarande kokebøker då dei var små og ikkje skjønar forskjellen på ei sil og eit dørslag. *rekke opp handa*

    Så om de kjenner ein som skal flytte på hybel for første gong, kan det godt vere slike bøker er eit gåvetips til han eller henne også. 🙂

  3. Det er eg einig i! Når ein ser kor mykje ferdige kakemiksar og liknande (vaffelmiks ;-)!), skulle ein ikkje tru at folk kunne lage mat. Eg trur mange som flyttar på hybel må gjennom ein fase med ferdigpizza o.l., før dei blir matleie og tek sleiva i eiga hand.

  4. Pingback: Tweets that mention Margit Vea: Kjøkkenpatruljen « Alt godt -- Topsy.com

Leave a Reply