Jul, Lykke, Mat, Safting og sylting, sylting og safting
Comments 8

Gåveidéar

Eg fekk ei oppfordring om å samle gåveidéane eg har hatt i bloggen min på ei side. Det gjer eg gjerne. Her er nokre tips:

Her er oppskrift på mine kjempegode rom-rosin-trøflar, og det praktiske urtesaltet. No får du kjøpt urter i butikken heile året, så det kan du også lage til jul. Kvart år lagar eg gløggekstrakt og whiskyappelsinmarmelade, dei oppskriftene finn du her. Ei anna gåve som ofte vert sett pris på er urteeddik og plommeeddik. Har du plommer (kjøp gjerne i butikken!) så kan du også lage denne krydra plommechutneyen.

Å lage ein frisk limoncello med italiensk inspirasjon er mindre krevjande enn ein trur, og eg har også oppskrift på fleire andre typar gode likørar som passar fint å gi bort.

Julemat til fuglane er ei fin gåve viss dei du skal gi til bur slik til at dei har hage eller balkong.

Til dei som har peis eller kamin kan opptenningsrullar vere ei smart gåve, og så er det så og seie heilt gratis å lage dei.

Vi må ikkje gløyme dei saltsylta sitronane! Det er ei fin gåve, gå i gang no, så er dei klare til jul. Til eit glas vin smakar det godt med salte ostesnacks, dei er enkle å lage, og smakar fortreffeleg.

Eg har også lagd trøflar som er smaksett med skogsbær, dei vart kjempegode. Trøflar med nougat er også deilig til ein god kopp kaffe eller te. Du finn oppskrift på ein frisk, kvit gløgg i same lenke. Lag ein stor porsjon av ekstraktet, og gi bort i pene flasker med ein lapp med gløggoppskrift festa til halsen. Denne blodappelsinmarmeladen smakar utruleg godt, pass på å lage ein stor batch når blodappelsinene er i sesong. Av blodappelsin kan du også lage ein deilig fruktgelé, som er ein søt og frisk liten oppkvikkar på godtefatet. I same lenke finn du oppskrift på salte mandlar. Limemarmelade er greitt å lage, fordi ein finn lime i butikkane året rundt.

Det er nemleg lurt å byrje no, skal ein kome i mål! Har du forslag til gåver ein kan gje bort? Pøs på i kommentarfeltet!

EDIT: Elisabeth meiner at eg bør legge inn oppskrifta på peanøttkaker, for dei brukar ho å bake, og dei er gode og fine å gje i gåve. Så då gjer eg som ho seier.

8 Comments

  1. Takker og bukker, den ene der hadde jeg på lista mi at jeg skulle inn i bloggen din og lete opp. 🙂 Nå slapp jeg det, takk skal du ha. Ha ei fin uke! 🙂

  2. Rosegele i pene glass. 🙂
    Har lyst til å prøve de saltsylta sitronene. Hvordan ble de til slutt, og hva kan de brukes til utenom salat/potetsalat?

  3. Berit: Ja, rosegelé er kjempefint, men det er litt seint å byrje med det no. 🙂 Søk på saltsylta i bloggen, så finn du nokre treff. Eg har brukt dei i marokkanske gryter, i lefserullar og i martini. 😮 Funkar veldig bra!

  4. Og peanøttkakene som lages på brett – de er kjempeenkle og raske å lage, og skrekkelig pop hos dem som får dem. I know, I tried 😀

  5. Pluss at man kan lage drops; Pandura har full pakke med utstyr og råvarer for ca 500 kr og da kan man lage 15kg eller noe. Holder til noen julegaver, det 😉

  6. Har rosesaft i frysen, må vite. Kan da ikke bruke varme sommerdager til å koke gele! 🙂
    Jamen skal det bli sitroner!

  7. Pssst: det er feil i linken til peanøttkakene, kolonet etter http mangler! 😉

Leave a Reply