Billig mat, Middag, Sausar og dippar
Comments 4

Ny ribbevri

Ribba er nesten gratis for tida. Det er sjølvsagt berre no ei god stund før jul, på veslejulaftan er den dyr igjen, sann mine ord.

Men no, medan den er billig, kan vi jo ha det litt gøy med den, og lage mat vi elles ikkje lagar om vinteren. Spareribs er ein amerikansk grillklassikar, men den kan like gjerne lagast på denne tida av året i steikeomnen. Når du skal finne ribbe til spareribs, så velg heller ei som er tynn og vid i utstrekning enn ei som er tjukk i kjøtet. Den tjukke får lang steiketid, og bitane blir meir handterlege når dei ikkje er så tjukke.

Eg serverer ribba med omnsbakte mandelpoteter, ein deilig sursøt grillsaus og coleslaw-salat. i dag får du oppskrift på saus og ribbe, i morgon kjem resten.

Ein god barbequesaus høyrer med når ein serverer spareribs. Denne kan kjøpast ferdig, men dei sausane er fulle av e-stoff og salt, og ikkje så gode syns eg. Denne tomatbaserte sausen framhevar den fine ribbesmaken, og balanserer godt med krydderet i kjøtet. Slik gjer du det:

Barbequesaus

1 løk

2 fedd kvitløk

litt olje til steiking

1 boks hakka tomatar

3 ss kvitvinseddik

1 paprika

Chili etter kor sterk du vil ha sausen

2 ss soppsoya (mushroom soy, finst i innvandrarbutikkar)

Sjy frå ribbene

1 ss worchestershiresaus

1 ss sennep

1 ss paprikapulver

1 ts salt

½ ts peppar

1 ss sukker

Fres finhakka løk og kvitløk i olje. Finhakk chilien, og ha i saman med paprikapulver, sukker, sennep og peppar. La dette surre litt. Rens paprikaen, del den i bitar og ha den i. Ha i alt det andre, og la det putre i eit kvarters tid. Køyr sausen glatt med stavmiksar. Denne sausen held seg i eitt par veker i kjøleskap.

Spareribs

1,2 kg ribbe

1 ss paprikapulver

1 ss kvitløkssalt

1 ss brunt sukker

1 ts peppar

4 ss dijonsennep

Set omnen på 180 grader. Bruk ein skarp kniv, og fjern svora av ribba. Del ribba i lengder etter kvar beina er delt. Rør saman paprika, kvitløkssalt, brunt sukker og peppar.

Legg ribbelengdene i ei lita langpanne med bakepapir i. Pensle lengdene med sennep, og dryss på krydderblandinga. La ribbene steike i 2-3 timar, snu dei midtvegs. Server med ovnsbakte mandelpoteter, coleslaw og barbeque-saus.

This entry was posted in: Billig mat, Middag, Sausar og dippar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Åh, det så godt ut! Og at det er så billig er jo litt av moroa. Veldig fint med ribbetilbud nå mens vi venter på desemberlønna! (Ja, jeg venter faktisk allerede. Verdens kjipeste november, med både restskatt og studielån og alt de andre «usual suspects». Godt vi har billig ribbe.)

  2. Det høyrest kjent ut, Gryda! Den restskatten svei for meg og. Då er billig (og god) middag ein stor fordel.

  3. Pingback: Tweets that mention Ny ribbevri « Alt godt -- Topsy.com

  4. Jeg tenkte det var på tide å takke for oppskriften. Samboeren min ble veldig begeistret første gang jeg lagde spareribs av ribbe, og siden har vi hatt det ørten ganger til middag. Jeg har gjort noen endringer i sausen (mer brunt sukker, mindre eddik og en stjerneanis), men det er det eneste. Så tusen takk 🙂

Leave a Reply