Billig mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Leave a Comment

Coleslaw og dei deilige potetene

Du såg ribba i går? Den serverer eg med omnsbakte mandelpoteter, ein deilig sursøt grillsaus og coleslaw-salat. Coleslaw er finsnitta kål, ofte også med gulrøtter. Eg hadde eit eple liggande og, og det vart med i salaten. Dressingen er krema og lett sursøt, den og. Slik gjer du det:

Coleslaw

Ein kålskalk

Ei stor eller to mindre gulrøtter

Eit halvt eple

Litt sitronsaft

2 ss majones

2 ss kesam

2 ts honning

2 ts eplecidereddik

Salt og peppar

Snitt kålen fint, ostehøvel er fint å bruke. Riv gulrota og eplet, eller bruk eit juliennejern og snitt dei fint. Legg alt lagvis i ein bolle, kryst litt sitronsaft over og dryss salt mellom laga. Dette kan du gjerne gjere nokre timar før servering.

Bland alt til dressingen, men vent med å salte. Bland saman dressing og snitta grønsaker, og rør godt. Smak til med peppar, og om nødvendig, litt salt. Sett til side.

Ovnsbakte mandelpotetar

4-5 potetar per person

1 dl olivenolje

1 ss urtesalt

Bland urtesalt og olivenolje i ein vid bolle. Del potetene i to på langs, og ha dei i bollen. Rist potetene rundt i bollen slik at dei vert dekt med urteolje.

Ha dei i ei langpanne, syt for at alle potetene vert liggande med kuttsida opp. Fordel det som er att av urteolje over potetene.

La dei steike øverst i omnen dei siste halvtimen av steiketida for ribbene.

This entry was posted in: Billig mat, Middag, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply