Lykke, Noko søtt, Veggis
Comment 1

Før frukost

I helgane vert frukosten ofte sein (og lang) her i huset. Då er det godt med noko før frukost.

I dag hadde eg liggande ein mango som var på veg til å bli overmoden, eitt par brune bananar og to appelsiner. Då lagde eg ei gul vitaminbombe som vart servert medan teen trakk og ferske rundstykke sto i omnen. Slik gjorde eg det:

Gul smoothie

1 mango

2 appelsiner

2 bananar

6 dl kefir

2 ss honning

Rens all frukta, og ha den i blender. Køyr den glatt medan du “sper” med kefir. Smak til med honning til slutt. Server i fine glas med sugerør.

This entry was posted in: Lykke, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Godt tips! Her i huset er dei veldig glade i smoothie etter trening, men den er som regel raud eller blå. Eg er så lei av å klage på dårleg mango. Dei ser så fine ut, men er rotne inni . Eg får ny når eg klagar dagen etter eg har kjøpt den, men …

Leave a Reply