Jul, Utstyr
Comments 2

Nye pepparkakehusmetodar?

I alle år har eg bakt pepparkakehus etter same teknikk, Deigen har blitt kjevla ut på dropsmatter, og huset har blitt stansa ut med ei stor, rektangulær form, og det heile har blitt limt ihop med smelta sukker.

No har eg sett ein ny patent på marknaden, med plater som låser seg i kvarandre. Kan det fungere? Eg ser for meg at ein føresetnad må vere at huset ikkje vert flytta frå eit bakebord til steikeplata før steiking. For då vil det misse fasong. Deigen må kjevlast ut på matta den skal steikast på, då kan det til nød gå.

I tillegg går eg ut frå at ein må passe godt på tjukkleiken til deigen. Peppakakedeig hevar seg, og då kan eg ikkje forstå anna enn at det må vere ein presisjonsjobb og ei utfordring å få dei ulike delane til å passe saman.

Men eg tek imot alle fungerande nyvinningar med takk og ære. Så difor lurer eg på; har nokon av blogglesarane mine testa ut dette, og funkar det?

This entry was posted in: Jul, Utstyr

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Det ville ikke fungert med mi oppskrift og mitt mønster – for mange kriker og kroker. Eneste feilen med smelta sukker er faren for å brenne fingre.

  2. Jeg har den samme tvilen som deg. Må nok til med litt «lim» uansett. Smeltet sukker er noe herk – og her i huset skjer liming på natta med bare voksne til stedet. Jeg kommanderer og mannen holder. Og så pynter vi sammen med ungene dagen etter og er fornøyd. Men vår nye utfordring er at pepperkakehuset må være glutenfritt. Og glutenfrie pepperkaker er generelt mer smulete og sprø enn vanlige – så det er et stort eksperiment hele greia. En lager jo liksom ikke ti ulike hus hvert år, heller for å samle erfaring – så vi får ta åra til hjelp.

Leave a Reply