Billig mat, Noko søtt, Sausar og dippar, Veggis
Comment 1

Ein himmelsk appelsindessert

Eg har drive og eksperimentert litt med appelsiner i det siste, for å finne den perfekte desserten basert på denne saftige vinterfrukta.

Tradisjonen er å ete appelsin naturell, til nød med ein sukkerbit dytta inn i eit lite hol ein kan syge safta ut gjennom. Dei appelsinene du finn i butikken no er så store, søte og fine at dei inspirerer iallfall meg til å prøve ut nye måtar å servere dei på.

Den beste varianten eg har servert er kardemommebakte appelsiner med romrosiner og hakka nøtter på. Dei hakka nøttene bør vere søte. Eg har brukt brente mandlar, men den beste varianten var ein ny type honningrista blanda nøtter frå Meny sitt Jacobs-utvalg. Dei er litt salte og litt søte, og det passar perfekt her.

Romrosinene bør leggast på glas tidleg. Eg brukar å lage til eit stort glas tidleg i november, så har eg rosiner til fruktkaker, gløgg, trøflar og til anna moro.

Eg har også erfart at appelsin bør ikkje bake på høg temperatur. Då vert den tørr og trist. Det perfekte er å ha den i omnen under middagen på ca. 120 grader, gjerne under folie. Slik gjorde eg det:

Kardemommebakte appelsiner med romrosiner

Fire appelsiner

4 ts flytande honning eller lys sirup

1/2 ts kardemomme

1 ts vaniljesukker

2 ts melis

50 g rosiner som har lege i rom

1 dl rom som det har lege rosiner i

50 g søte nøtter

Set omnen på 120 grader. Skjer skalet av appelsinene slik at alt det kvite vert borte. Skjer dei i tynne skiver. Legg dei lagvis eller stabla i ei eldfast form. Stablar du dei, så set ein (smaksfri) tannpirkar igjennom, så skivene ikkje glir til sides. Har du porsjonsformer er det stilig, viss ikkje kan du lage denne desserten i ei vanleg eldfast form. Ringle honning eller sirup over.

Bland saman vaniljesukker, melis og kardemomme. Ha det i ei sikt, og sikt det over appelsinene. Stablar du appelsinskivene, så dryss litt mellom kvart lag. Slå over rosiner og rom. Bak under folie i 30 minutt på 120 grader. Hakk nøtter, og dryss over før servering. Server med ein rømmesaus.

Rømmesaus

2 dl rømme, lettrømme eller creme fraiche

2 ts vaniljesukker

Skal av ein heil og saft av ein halv appelsin (Ta gjerne det som er att på fjøla etter kuttinga.)

Litt sitronsaft

Litt melis

Rør saman rømme, appelsinsaft, skal og vaniljesukker. Smak til med sitronsaft og melis til den smakar slik du likar den. Server over bakte appelsiner.

Denne rømmesausen er også god til ei lys kake av eit eller anna slag, som du vil servere til dessert.

1 Comment

  1. Denne forsøkte vi i helgen – stor suksess! Den smakte mer julete enn jeg hadde tenkt meg, sikkert kardemommen som gjorde utslaget. Og rømmesausen var bare yummy. Jeg hadde brownies ved siden av, folk knuste sjokoladekaker ned i sausen for å få med seg mest mulig…

Leave a Reply