Duft, Jul
Comments 4

Duftande ønskelister?


Det er tida for ønskelister, og eg er spesielt interessert i dei duftande listene.

Eg veit at mange av mine parfymevennar har lister over parfymar dei planlegg å kjøpe, og dei som ikkje har komt i hus til i desember bør vel stå på ei slik liste. På mi ønskeliste står det også nokre dufter, nokre er å få tak i i Norge, andre må ein utanlands for å finne.

Den første på mi liste er Belle d’Opium. Den originale opium-dufta blir for voldsom for meg, eg har brukt den frå ei lita krukke med bodycream som eg har, men bortsett frå det blir den for dominerande.

Belle d’Opium, derimot, er atskillig lettare å gå med, og er ein moderne, varm og tiltalande floriental med fruktnotar og kvit peppar for å balansere.

Den andre på mi personlege liste er Kenzo Femme. Vanlegvis slår Kenzo på stortromma når dei lanserer ting i Norge, men ikkje denne gongen. Kenzo Femme har meir eller mindre blitt lirka inn bakvegen i norske parfymeri.

Det er synd, for det er ei god duft. Kenzo Femme er ein woody floral med musk i basen. Blomenotane er fresia og peon, og eg likar kombinasjonen mellom trenotane og dei friske blomenotane. Det gjer at den ikkje blir for søt på meg.

Kenzo Femme (og Homme, som vart lansert samstundes) er ein limited edition som vart lansert i samband med 40-årsjubileet til motehuset Kenzo.

Den siste på lista er ein ekte juleparfyme, Estée Lauder Sensuous Noir. Eg har den originale Sensuous, og sjølv om den er ganske søt så syns eg den er veldig behageleg, og dempa til å vere ei Lauder-duft.

Sensuous Noir er som namnet seier mørkare i tonen, mindre søt og meir krydra. Den har også trenotane lenger fram i duftbildet enn Sensuous har.

Sånn, det var mine. No vil eg høyre: Kva står på di ønskeliste? Det treng ikkje vere dufter, eg er nysgjerrig på andre ting du gjerne vil finne under juletreet også.  Fortell, fortell!

This entry was posted in: Duft, Jul

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Håhåjaja…
    Jeg er på nett med hr. Guillame for tida, og fyser veldig på no.18 Cadjmere. Og alle de andre Poison-ene (i alle fall Hypnotic) nå som jeg har Midnight.

    Likar

  2. hehe 🙂
    det kommer nok noen flotte dufter i hus, forhåpentligvis før jula.
    Henger meg på PG18 som Britt Åse 🙂 Lyyst på!
    Poison også! 😀 om ikke annet enn bare for fascinasjonens skyld 😉

    Ellers er det «store-amazon.co.uk-cofee-table» bøker, elektriske gadgets gjerne noe fotostæsj, musikk og film, og annet (u)nyttig krimskrans på ønskelisten.

    Likar

  3. Jane says

    Har nettopp kjøpt de jeg ønsket meg:
    Chanel Beige og Serge Lutens A la nuit.
    Det var en opplevels, så da ønsker jeg meg ikke parfyme på en stund.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s