Før jul skal alle møtast. Syklubben, bridgegjengen og fotballaget, alle skal ha sin felles førjulsmiddag.
På menyen er det gjerne enten julemat eller tapas. Julemat er eit styr, og det er også ganske mykje arbeid med å servere tapas til mange. Difor lagar eg ofte ei stor, varmande gryte med suppe ved slike høve.
Eg hadde alle som arbeider i min seksjon heime hos meg her om dagen, og då serverte eg ei klassisk gulasjsuppe. Gulasj er ein ungarsk lapskaus som det finst uendeleg mange oppskrifter på. Vi var tolv til bords, så det vart ein stor porsjon med suppe. Sju liter lagde eg, og jammen gjekk det med. Her har eg redusert oppskrifta til å vere passe for seks personar. Slik gjer du det:
800 g storfekjøt utan bein
3 ss mjøl
2 ts margarin eller smør
3 ss matolje
2 løk
3 fedd kvitløk
1 ss paprikapulver
2 ts spisskummin
Ein liten skalk kål
Ein boks hakka tomatar
Fire gulerøtter
Ein purre
3 paprikaer
3 liter vatn
2 ss buljongpulver
Sukker, salt, peppar
Skjer kjøtet i centimeterstore terningar. Varm opp margarin eller smør i ei vid gryte, og steik kjøtet slik at det får fin farge. Strø på paprikapulver, spisskummin og mjøl, og la det heile brune seg litt. Slå på ca. ein liter vatn, medan du rører godt slik at ingenting brenn seg i gryta. Ha i tomatar og tomatpuré. La det stå og putre.
Rens og hakk løk, kvitløk, purre, paprika og gulerøtter smått. Skjer kålskalken i tynne strimlar. Fres grønsakene i olje til dei byrjar å bli gjennomskinnelege. Ha dei over i gryta med kjøtet. Ha resten av vatnet, buljongpulveret og nymalt peppar i gryta. La det heile koke ein times tid. Smak til med litt sukker, og kanskje trengst det og meir salt og peppar. Server med godt brød og ein klatt rømme.
Takk for fristande oppskrift. Nå veit eg kva eg (mellom anna) skal lage til selskapet eg skal ha femte juledag….
Takk for fristende oppskrift. Vi hadde julemøte i avdelingen min i går og da valgte vi “afternoon tea” hos restaurant Christiania i Stortingsgaten. Et virkelig godt alternativ til julemat. Nydelig te, gode scones og lekre småbiter å spise på. Kan anbefales! 🙂
Hei Alt Godt, bare et lite innspill. Som ihuga gulyas-fantast etter 7 år i Budapest har jeg spist meg gjennom utallige tallerkener, men tror ikke jeg noen gang har fått den servert uten potetbiter i og sterk paprika/chilipaste ved siden. Smak og behag 🙂
Du har heilt rett, glamourlegen, chilipastaen gløymde eg. Men den var på bordet, i ei eiga skål til dei tøffe. Poteter utelot eg med vilje, eg likar den best utan. Men når det gjeld grønsaker kan ein variere som ein vil.