Bokmeldingar
Comment 1

Terri Shea: Selbuvotten

Samlaget har gjeve ut denne boka, som har selbuvottar av alle variantar som tema.

Boka er opprinneleg skriven på engelsk, av amerikanske Terri Shea. Ho har fått hjelp av Annemor Sundbø til omsetjing og fagleg støtte. Annemor Sundbø har også mange av dei vottane som er presenterte i boka i si private vottesamling. Boka kom først ut i USA.

Eg syns dette er ei imponerande bok. Først og fremst er det artig at ein amerikansk dame har teke tak i denne tradisjonen og skrive ei grundig og breitt anlagt fagbok om den. For det andre er den ein flott gjennomgang både av det historiske bak selbuvotten og kreativiteten i mønster og utforming.

Det er lenge sidan eg har strikka, men denne boka gjev meg verkeleg lyst til å ta fram spøtet. Kvart votteprosjekt er overkomeleg, og med så gode oppskrifter som dei du finn i denne boka er det lett å kome i gang.

This entry was posted in: Bokmeldingar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. I fjor tok eg fram strikkepinnane for å strikke ullvottar. Då var det over 15 år sidan eg hadde tatt i eit spøt, som du seier. Eg vart tante, og strikka til brørne. Store prosjekt vert det ikkje med meg …
    Samlaget har gitt ut ei ny bok, Vottar og vantar, som eg satsar på ligg under juletreet i år.

Leave a Reply