Bokmeldingar, Noko søtt
Leave a Comment

Sverre Sætre: Den store kakeboka

Den store kakeboka er akkurat det tittelen seier, verken meir eller mindre. Eg har vel aldri sett ei så omfattande kakebok, som famnar både norske tradisjonelle oppskrifter, franske spesialitetar og basisoppskrifter for alle typer deigar, kremar og pynt.

Sverre Sætre har verkeleg gjort ein kjempejobb med å samle, prøve ut og å presentere eit fantastisk utval av kaker. Du finn alt frå Kvæfjordkake til suksessterte, frå fruktterter til julebakst, frå eclaires til vørterbrød. Skilnaden på muffins og cupcakes får du også lære.

Oppskriftene er nøye nok til at alle kan klare å bake etter dei, og likevel enkle nok til at det ser overkomeleg ut. Dette er ei bok både for røynde bakarar og for nybegynnarar.

Det er svært lite å sette fingeren på i boka. Etter ei nøye gjennomlesing så kan eg konstatere at han lagar gulrotkake med olje utan salt, det ville ikkje eg gjort. Langpannesjokoladekaka hans blir nok litt tynn, iallfall med standard langpanner. I ei lita langpanne blir den fin. Bortsett frå slike petitesser så er eg veldig imponert over denne boka.

Finn du denne boka under juletreet kan du rydde i bokhylla, den erstattar iallfall tre-fire ulike bakebøker som eg har samla på meg igjennom åra. Finn du den ikkje, så unn deg den som nyttårsgåve til deg sjølv. Fordi du fortener det.

This entry was posted in: Bokmeldingar, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply