Ferie, Reise
Comments 3

Inn ei ny dør

Korleis vi får nøklane varierer. Av og til møter vi ein nabo, nokre gongar møter vi dei vi skal bytte med her i Norge eller der vi kjem, og andre gongar ligg dei i ein konvolutt i ein ekspedisjon eller eit hittegodskontor på flyplassen, gjerne saman med bilnøklane, parkeringslappen som vi skal betale for og eit hyggeleg brev med instruksar om korleis vi skal køyre.

Når vi kjem fram er det stilt, vi parkerer bilen og stig ut. Stort sett reiser vi «lett», vi har alltid tilgang til vaskemaskin, og sengetøy og handklede brukar vi av det som er i huset. Det gjer at vi reiser med små koffertar, eller klede til to i ein koffert.

Når vi låser oss inn er det alltid spennande å sjå om vi kjenner oss att frå bilda på boligbytte.no. Vi går frå rom til rom, avtalar kven som skal sove kvar, sjekkar ut badet og kjøkkenet, og gjer oss kjent i huset. Skal vi ha gjestar i løpet av opphaldet planlegg vi kvar det er best at dei søv. Sengene vi har avtalt å bruke er oppreidde med nye, reine sengeklede, slik vi forlot det hos oss.

Så pakkar vi ut av koffertane. Toalettsakene går naturleg nok på badet, står det noko av deira att prøver eg å få plass til det i hyller og skap slik at vi ikkje «blandar» tinga våre. Som regel er det gjort god plass til våre klede, nokre hyller er rydda ut slik at vi har plass til vårt. Viss det mot formodning ikkje skulle vere rydda plass puttar vi koffertane våre slik at vi kan bruke den som «skuff».

På kjøkkenet må ein og gjere seg kjend, eg sjekkar i kjøleskapet, og viss eg ser noko som manglar som vi vil ha skriv eg ei handleliste. Det er tradisjon for å etterlate seg litt mat i kjøleskapet, ein middag eller noko godt pålegg og litt mjølk og juice. Nokre gjer som meg, og set att sausar, sennep, relish og pastaer. Andre ryddar heilt reint, det varierer frå heim til heim.

Barna gjer seg kjende med tv, spelkonsollar, bøker, filmar og andre ting dei kan underhalde seg med. Som regel får vi vite på førehand kva konsollar dei har, og viss vi har spel som passar tek vi dei med. Til land i sør-Europa tek vi med eigne filmar, det er heilt håplaust å finne filmar med engelsk tekst. Ei lita mappe gjer at vi kan ha koselege filmkveldar i løpet av tida vi er der.

Så tek vi oss gjerne ein tur i nabolaget, med instruksane frå huseigarane i handa. Det kan vere til fots, viss vi bur nær eit sentrum, på sykkel eller i bil. Vi får stort sett alltid ein liten bunt med ark der dei har skrive kvar vi bør gå for å handle, kvar dei fine restaurantane i nabolaget er og kva ting som er verd å sjå i området der vi bur. Det kan vere alt frå klosterruinar til badeparkar, frå museum til akvarier.

Å besøke den lokale bakaren er alltid stas, av ein eller annan grunn er ferskt brød veldig godt når ein er på tur. Nokre kaker får vi også med heim, og mor, som stiller strenge krav til te, må innom ein kolonial og finne ut kva for ein earl grey som er best.

Når ein bur hos andre slik vi gjer så brukar ein salt, peppar, kveitemjøl og andre tørrvarer av det som er i huset. Går noko tomt, eller forsyner vi oss grådig av noko, kjøper vi att. Likevel gjer dette at vi sparer masse i forhold til om vi skulle leige eit hus som er tomt for slikt. Det meste brukar ein berre litt av, så det gjer ikkje eit stort innhogg i hushaldet, det vi forsyner oss med. Vi set sjølvsagt att det vi har kjøpt undervegs av andre ting, og det er alltid artig å kome heim og sjå kva dei andre har sett att hos oss.

Vi har aldri opplevd at dit vi kjem ikkje er reint og velstelt. Enkelte har sjølvsagt framme meir ting enn vi er vande med, då ryddar eg det berre diskret bort. Når vi reiser heim tørkar vi over alle flater, og vaskar dusj og toalett, kjøkkenvaskar og kraner. Dei plassane der vi har hatt hushjelp (ja, dei finst faktisk, sjølv om vi ikkje har hushjelp i bytte) har vi sluppe det, men betalt hushjelpa litt ekstra for å ta vår avslutningsvask.

Vi set på vaskemaskin med våre sengklede før vi reiser, og rekk vi det heng vi dei også opp til tørk. Vi leiter også fram nye sengeklede og legg dei på, det er hyggeleg for dei når dei kjem tilbake.

Sidan vi vil forlate huset nokolunde i orden brukar vi å reise heim på ettermiddagen. Det gjer at vi får tid til å etterlate huset slik vi ynskjer å finne vårt. Vi har aldri blitt skuffa på dette punktet. Det er faktisk ei av dei mange gledene med boligbytte, at når du kjem heim til deg sjølv er det strøkent. Eg merkar det når eg reiser bort utan å bytte, når eg kjem heim ser eg rotet eg etterlot meg.

Når vi reiser legg vi att ei lita gåve, viss vi ikkje etterlot oss ei gåve til dei då vi forlot vår heim. Det kjem an på kva vi gir. Sist vi hadde franskmenn her la eg att ei bok om Oslo, den var fin å ha når dei var her, så den fekk dei her. Då vi var i Egypt hadde vi med oss ei bok om norske troll, den la vi att i Kairo, så dei skulle sleppe å dra den med seg i bagasjen då dei reiste heim. Vi set også ei flaske vin på benken, og presiserer at dei kan drikke den viss dei vil, med tanke på norske polprisar.

Dei ein møter når ein byttar hus er nok dei rause menneska. Dei som ikkje er redde for kva som kan skje, dei trur at dei fleste ein møter vil ein vel. Alle vi har bytta med har strekt seg langt for at vi skulle ha det bra, dei har avtalt med naboar og sytt for at vi hadde nokon å spørje, dei har alarmert nevøar og nieser for å hjelpe oss med å kome på internett og dei let vere å stanse avisa si, slik at vi kan stave oss igjennom den og lære meir om landet vi er i. Opplevingane vi har hatt med å bytte hus sannar mi tru på det gode i mennesket.

This entry was posted in: Ferie, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Så flott innlegg både husbytte og om mennesker. Vi har ikke forsøkt dette selv, men tenker litt på det i forbindelse med et litt lengre utenlandsopphold (to mnd) vi planlegger.

    God romjul, Alt godt:)

  2. Ja, eg er heilt overtydd, og mannen også. Eg brukte heile kvelden i går på å kikke på hus rundt om over alt i verda. Dette må vi prøve! Vi må berre få huset vårt bygd først 😀 Tusen takk for veldig fin inspirasjon! Vi har så mange plasser vi har lyst til å reise, men litt for lite pengar å sette av. No blir det jo mulig. Og kanskje det mest spennande er at ein kan faktisk havne plasser ein ikkje hadde tenkt ein skulle havne på!

  3. margit says

    Hei,
    Var også innom boligbytte.no, det virker jo helt genialt. Var i Italia i sommer og bodde på hotell, joda maten er god på restauranter, men det er noe med å fråtse i råvarer fra deilige ferskvarebutikker. Samtidig som du også kommer inn i ekte nabolag. Elsker bloggen din, den setter meg i en anderledes «state of mind».

Leave a Reply