Livet, Lykke
Comments 11

Tilbake igjen

Tre og ein halv månad har gått sidan vi var her. I går kveld spelte Wildbirds and Peacedrums i Oslo igjen, og vi var der saman.

Kva er det som skjer når kjærleiken oppstår, bryt ut, eksploderer og omfamnar? Eg har ingen svar, men eg kan fortelje deg at når det skjer så merkar du det.

Tre og ein halv månad har vi hatt i lag. To menneske som vil det same på same tid, som ikkje vert skremde av å snakke om å flytte saman etter to dagar, som tenker alle tankar heilt ut men som ikkje har det travelt.

For meg handlar det om å bli sett. Om å kunne vere ærleg og open utan at det vert brutalt eller vert tolka som ei avvising. Det handlar om å møte ein som er like nysgjerrig som meg, som gjerne pausar filmen for å finne ut kva den musikken er, og som må slå opp for å sjekke noko heller enn å krangle om det.

Det handlar også om å vere raus, om å lytte og å få bli lytta til, og det handlar om å finne eit menneske som bygger sine eigne relasjonar til alle «mine». Ting går ikkje gjennom meg, det er befriande. Det handlar om eit møte mellom to menneske som har den same innstillinga til å yte og å nyte, vi gjer begge delar så mykje vi har kapasitet og lyst til.

Eg føler meg teken vare på, eg føler meg forstått og sett pris på. Eg nyt å vere saman med ein som er like tøysete og barnsleg som meg, som lik meg ikkje uroar seg utan at det verkeleg trengst og som hiv seg rundt og tek ansvar når noko skal gjerast. Eg har det utruleg godt for tida, og skal gjere alt som står i mi makt for at dette skal vare. Og det veit eg han som er glad i meg vil og. Eg er heldig. Vi er heldige.

This entry was posted in: Livet, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

11 Comments

  1. Ja! 🙂 Du har tur! Och jag tror att ni har hittat den som man fortsätter bygga livet med. Ni har ju haft den där «sammanväxta» känslan redan från början, ni två. Jag blir så glad!

  2. Er det ikke deilig når en føler at en er «kommet hjem»? Jeg har det også slik og jeg var bombesikker på at han var den rette helt fra starten av. Nå er det 13 år siden vi møttes..

  3. Dette høres jo bare så fantastisk og riktig ut. Dere vet jo dette!! Alt godt til dere, Alt godt!

  4. Bente says

    Så utrolig flott å lese, og det er deg virkelig vel unt! 🙂

  5. Bønna says

    Du gjør meg glad, unner deg alt godt.

  6. MT says

    Så vakkert å lese.Ta vare på kvarandre

    mvh Marie

Leave a Reply