Kjøtt, Middag
Comments 3

Vaksenmiddag

Denne gryta kom til etter at eg hadde noko tysk øl i kjøleskapet som faktisk nærma seg utløpsdato, og i tillegg eit kjøtstykke som nok hadde passert den med god margin.

Så fann eg ut at eg skulle bruke ølet som kraft i ei kjøtgryte. Denne gryta skulle etast av heile familien, så difor tok eg ikkje så mykje øl i, men supplerte med buljong. Er det berre ølelskande vaksne som skal spise hos deg kan du vere rausare med ølet.

Storfekjøt er best rundt utløpsdato, så lenge ingen har kverna det så er den datoen berre rettleiande i mitt hovud. Eg luktar på det, luktar det godt så puttar eg det i maten. Ingen klagde, tvert imot. (Ingen visste heller, unntatt meg, det er den andre sida av saka.)

For øvrig var dette ei «man tager hvad man haver»-gryte, det som burde etast opp fekk vere med. Slik gjorde eg det:

Oksegryte med ølkraft

600 g storfekjøt, eg brukte ytrefilet

To raude løkar

Tre gulrøtter

Ein paprika

1 ts timian

1 laurbærblad

Ein buljongterning eller 1 ss fond

1,5 dl øl

4 dl vatn

1 ss mjøl

Smør eller margarin til steiking

Salt, peppar og 1 ts sukker

Skjer kjøtet i tynne skiver. Rens grønsakene, og del dei opp i passe store bitar. Smelt smør i ei gryte, og steik kjøtet til det får god farge. Steik 1/3 av kjøtet i kvar omgang, og kok ut panna med vatn og øl mellom kvar steikerunde. Ta vare på utkoket. I siste steikerunde strør du på 1 ss mjøl, rører godt og kokar panna ut med væska.

Ha alt kjøtet tilbake i panna, og ha i grønsakene, buljong, timian og laurbærblad. La det heile koke til grønsakene er møre. Smak til med salt, peppar og litt sukker. Server gryta med kokt ris og brokkoli.

 

This entry was posted in: Kjøtt, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Ja, det er litt av poenget, syns eg. Eg likar å lage mat med det eg har i huset. Det gjer sikkert du og, Solveig. 🙂

  2. Eg har som regel «vanlege» ingrediensar i hus. Må ein handle inn spesielle ting, så stoppar det ofte der. I alle fall i det daglege.

Leave a Reply