Allergi, Billig mat, Brød, Gjærbakst, Kjøtt, Mat, Middag, Tilbehør
Comments 8

Ball og ballebrød

Lagar du ball? Ja, eg veit det er eit sensitivt spørsmål.

Mange kvinner som meg, med mødre som lagar verdas beste ball, har berre styrt unna denne middagen. Vi ynskjer oss ball til middag kvar gong vi skal heim til middag, altså til barndomsheimen. Resten av året et vi det ikkje anna enn på IKEA. Det er for gale. Det er heilt slutt på at torsdag er balldag, det er berre på Kaffistova det er slik lenger.

Eg har lagd ball kanskje tre gongar på ti år. Alle tre gongane har dei kokt ut i kokevatnet. Sist eg lagde forma eg tjueto ballar, og eg fann att elleve. 50% svinn, altså. Men eg må innrømme at eg var slumsete, og hadde nok for lite mjøl i. Eg har lova kjæresten min og meg sjølv at no skal eg lage ball oftare. Då vert eg sikkert flink til å gjere det og.

Husk på at det er på denne tida at potetene er på sitt beste til ball. Dei er ikkje så fuktige og ferske som dei er tidleg på hausten. Eg brukar Heidi Brunstad Øyehaug si oppskrift, den veit eg er til å stole på. Slik gjer eg det:

Potetball  (18 stk)

1 kg rå poteter

200 gram (3 stk) kokte poteter.

150 gram byggmjøl

50 gram havregryn, lettkokte

1 ss salt

1 ts pepar

1 svineknoke til kraft

Dette krev at du har ei rimeleg stor ballpanne, ei som tek omtrent 6 liter vatn må du ha.

Kok knoken i 30 minutt og legg ballane saman med knoken og la dei trekke i minimum 45 minutt. På slutten av trekketida legg eg i skiver med kålrot og nokre halve gulrøter. Desse kan også kokast ved sidan av viss det vert trangt i gryta.

Skrell dei rå potetene og mal dei med kjøttkvern eller med kniven i matmølla. Viss du vil, kan du la dei rå potetene ligge i eit klede i ei sil og renne av litt, væta som renn av gjer at du treng mindre mjøl i sjølve ballen. Mos dei kokte potetene og bland dei med dei malte, rå. Tilsett mjøl og havregryn saman med salt og pepar. Deigen skal vere ganske laus, men ikkje så laus at du ikkje klarer å handtere den.

Det er lurt å koke ein prøveball for å sjå om han er fast nok. Om ikkje vil han løyse seg opp i vatnet. Kunsten er å få ein ball som ikkje er for blaut, då løyser han seg opp i kokevatnet, men heller ikkje for fast, då kan du spele bordtennis med han. Du må rett og slett prøve deg litt fram. Øving gjer meister. Men la denne oppskrifta vere utgangspunktet.

Ulike potetsortar er meir eller mindre lause i seg sjølve og krev ulik mengde med mjøl for å verte passe faste. Laila, Folva, Beate eller Asterix er dei potettypane som egnar seg best til ball. Dei er ganske kokefaste, og har dermed lite væte i seg. Har du berre mjølne poteter så kan du bruke dei og, men la då væta renne av i eit klede før du går i gang med å ha mjøl i balldeigen. Nokre likar å ha litt kveitemjøl i ballen. Ta då litt mindre havregryn og tilsett nokre ss kveitemjøl. Ballen skal ikkje koke, han skal berre trekke like under kokepunktet. Eg brukar ikkje ha noko inni ballen, medan andre har litt flesk eller mør inni. Eg likar heller ikkje å lage for store ballar.

Steikt bacon, kjøtpølser eller dampa mør er godt til. Og hugs rikeleg med smelta margarin.

Når så ballen er kokt og fortært står du der med ei diger gryte med sø.  Dei fleste let det sikkert gå i vasken. Men ikkje heime der eg kjem frå, der bakar vi brød med det! Det vil seie, mor mi gjer det. Det vert fantastisk gode brød, saftige, smakfulle og haldbare. Det er ikkje naudsynt å ha salt i brødet, for ballesøet er salt frå før. Slik gjer du det:

Mor sine ballebrød

50 g gjær

1,5 liter ballesø

200 g kveitekli

250 g grov, sammalt rug

500 g grov sammalt kveite

1,2 kg kveitemjøl

Lunk søet, og løys opp gjæra i det. Ha det i bakebollen, og elt inn alt det grove mjølet først, og så har du i kveitemjøl til deigen er passe fast. Det kan hende du treng litt meir eller litt mindre kveitemjøl, det kjem an på kvaliteten på mjølet. La deigen heve til dobbelt storleik, ca. 40 minutt.

Del deigen i fire og form brøda. Smør langpanna di med margarin, og legg i eit og eit brød. Smør margarin mellom brøda slik at dei vert lette å ta frå kvarandre. Set omnen på 200 grader. La brøda etterheve godt. Dusj dei med vatn og steik dei i 40-45 minutt. La dei kolne på rist medan dei framleis heng saman, del dei frå kvarandre når dei har kolna noko.

8 Comments

  1. Bønna says

    Mmm, slik vestlandsk ball har jeg aldri smakt, men den minner meg om våre lokale raspeballer. Kort sagt lager man baller av raspet potet, egg, mel og litt salt, koker det i melk (kan gjerne spes ut med vann) og spiser med sirup på. På tide å lage det igjen.

  2. No byrja eg med eit å sakne mor sine raspeballar. Kan hende eg skal lure oppskrifta du har lagt ut her under puta til min kjære. Evnt får vi byrje med eit besøk på Kaffistova ein torsdag.

  3. Dette fikk jeg alvorlig lyst til. Det er noe HELT annet enn kompene her på Sørlandet, og jeg blir knallsulten bare ved å tenke på det!
    På Voss husker jeg at vi fikk søet som en slags suppe med kjøtt, poteter og grønnsaker til, dagen etter. Det er mulig daværende svigermor brukte noe i brød også, men det var godt som suppe 😀

  4. Åja, potetball er godt! Men ei litt uvanleg oppskrift med havregryn.. Takker for oppskrifta på brød med søet som væske. Det skal eg prøve neste gang vi har potetball til middag!

  5. Tigerlilje: Havregryn trekker til seg mykje væske, så den er fin til å lage ballen fast utan å bli deigete slik den kan bli viss det er for mykje mjøl i den.

  6. Akkurat sånn har vi hatt det og, bestilt raspeballer som i kaller det, når vi skal heim til ho mor. Har og laga sjøl nokken gonger ved vestlandsbesøk i heimen. Alltid suksess. No har det derimot skjedd ei utgliding i fremgangsmåten, vi har gått over til å bruke raspeballmjøl som du får i pakker. Sånne 2 kg pakker som eg ikkje husker kor kjem frå i farten. Dei er kjempegode. Til og med enkelte av sjefsraspeballdamene heime på øya har velsigna denne pakka. Dei som lager slikt oftare enn ein gong i skuddåret. Anbefaler deg å prøve. 🙂

  7. mykstart: Ja, min kjære argumenterer også for dette mjølet. Eg har faktisk ein pakke ståande som eg ikkje har brukt. Så eg må nok teste det ut snart. Førebels har eg prøvd å lære meg grunnteknikken, dette er jo både god og billig mat. Eg serverer det til gjestar, har mange vener med vestlandsrøter som vert blanke i augene når eg byr dei på ball.

  8. Pingback: Potetball frå Sunnmøre | Alt godt

Leave a Reply