Livet
Comments 3

Fine Audun er borte

Audun Tylden døydde i dag, 62 år gamal. Han døydde «in action» , han hadde akkurat vore på Midem, den årlege internasjonale platemessa som gjekk av stabelen i Cannes.

Det var i denne samanhengen eg møtte han, då han var styreleiar i FONO på slutten av nittitalet. Sjeldan har eg møtt ein varmare og meir positiv mann enn Audun. På fest var det berre å sette seg ved sidan av han, då hadde du ikkje eit kjedeleg minutt.

Han var genuint interessert i så mange ting. Då han høyrde namnet mitt kunne han liste opp bilnummera på bussane til far min. (Eg vonar nokon tek godt vare på samlinga hans av bussbilde.) Han spurte om vi hadde teke vare på T 1261, for det var ein fin buss.

Platesamlinga hans er historisk, det same er ølflaskesamlinga hans. Men aller mest samla han på menneske. Eg kjenner ingen som har vore med i krigen så mange gongar, men som har så få uvennar. Det gjekk ikkje an å vere uvenn med Audun. Han var berre ganske enkelt ein fin fyr.

Bildet er frå http://www.tylden.no, og viser Audun saman med sin kompanjong, Tom Hovde.

This entry was posted in: Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Per Prestmo says

    Trist og atter trist,
    en hjertevenn er borte…

  2. Jeg hadde gleden av å intervjue ham et par ganger. Blid, buldrende latter og med et smittende humør – og dønn ærlig. Han vil bli savnet! Men klassisk nok døde han mens han gjorde det han var så glad i, reise og snakke om musikk.

Leave a Reply