Livet, Lykke
Comment 1

Den største krafta


Eg brukar tv-opptakaren mykje. I natt sat eg oppe og såg på Skavlan frå slutten av januar. Eg er visst ikkje heilt ajour.

I det programmet intervjua han Gudrun Schyman, og det vart eit fascinerande møte. Ho er herostratisk berømt for sine alkoholproblem, men det var ikkje det som gjorde at eg sat med tårer i augene. Det var forteljinga hennar om korleis ho møtte han som ho no lever med, Jacques.

Hennar skildring av den sterke, overveldande, reservasjonslause kjærleiken rørte meg. Hennar kjærast kom til henne i juni på besøk, kom attende i august og dro aldri tilbake. Eg kjende meg att i den kjensla, og delar hennar tankar om den.

Ho fortalde om å bruke omgrepet «eg elskar deg», kor nytt og kor sant det har blitt for henne. Dette omgrepet, som fram til då hadde vore eksklusivt for barna hennar, vart brått gyldig for mannen ho ville dele livet sitt med.

Eg har også vore sparsam med det omgrepet, det har ikkje blitt sløst med. Det er eit omgrep som eg må vere fullstendig hudlaus, uendeleg nær og uendeleg open for å kunne bruke. Det er kanskje difor det kjennest så rett når eg brukar det.

This entry was posted in: Livet, Lykke

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s