Bryllup, Fest, Noko søtt
Comments 11

Den store bryllupskaka

Her er den, fire etasjar med ostekake, med gelélok av blodappelsin og pynta med naturstridig mykje bær til å vere i februar.

Stativet har eg kjøpt hos Gulbrandsens Glassmagasin/Culina i Torggata, det er eigentleg med fem etasjar, men eg brukte dei fire øverste. Stativet er langt meir solid og stabilt enn det eg har brukt før, som du til dømes ser her.

Kaka er altså ei klassisk ostekake, stivna med sitrongelé og pynta med bær. Eg lagde tre ladningar av oppskrifta nedanfor. To ladningar gjekk i dei to største formene, og ei gjekk i dei to øverste. Storleiken på formene er 30, 26, 22 og 18 cm. Slik gjorde eg det:

Ostekake

400 g digestivekjeks

125 g meierismør

500 g kremost

600 g (to beger) crème fraïche

3 dl kremfløyte

2 pakkar sitrongelé

200 g melis

Skal og saft av ein sitron

Frukt og bær til pynt

Ta fram det fatet som kaka til slutt skal stå på.  Legg kakeringen på fatet utan botn, og sjekk at det passar. Lukk forma, og teip kakeringen i sprekka der du opnar den for å utvide den. Dette er for å unngå at ostemasse eller gelé renn ut før den stivnar.

Knus kjeksa i ei matmølle. Smelt smøret. Bland saman kjeks og smør, og press det ned i ringen og ut i kantane. Det er viktig at dette er heilt tett, elles renn massen ut mellom botnen og ringen. Set kaldt medan du lagar ostemassen.

Lag dei to sitrongelépakkane, men med halv mengde vatn, altså 5 dl vatn til to pakkar. La det kolne. Vask sitronen godt, og riv av skalet. Press ut safta og set det heile til side.

Pisk fløyten stiv. Bland saman ost, crème fraïche, sitronskal og saft samt melis, og ha det i kremfløyten. Ha i sitrongeléen til slutt. Hell ostemassen i forma, og set det til kjøling. Har du det travelt kan du byrje å pynte kaka etter fem-seks timar.

Blodappelsingelé

Saft av fem blodappelsiner

4 dl vatn

250 g sukker

10 plater gelatin

Ha appelsinsafta i ei gryte, og slå over vatn og sukker. La det koke i nokre minutt, og skum av det som dannar seg på overflata og langs kantane.

Legg gelatinen i kaldt vatn i ein bolle til den vert mjuk. Kryst vatnet ut av gelatinplatene, og rør dei over i den framleis varme appelsinsaftblandinga. Rør godt, slik at dei smeltar.

La geléen kolne. Det tek ei stund før den stivnar, så du har ein times tid på deg til pyntinga.

Set kakene på ein plass der dei kan stå medan geléen stivnar, eg sto og arbeidde ute på tørkeloftet, med fleecejakke og det heile. Å flytte på kaker med rennande gelé i er sjeldan vellykka. Hell på eit tynt lag med flytande gelé, og legg på dei første bæra. Begynn med dei store som skal vere i midten. Eg brukte jordbær, bjørnebær, rips, pasjonsfrukt og physalis.

Etter kvart som det stivnar kan du legge på meir frukt og bær og helle på meir gelé. Husk at det er lettare å helle på gelé først, og så legge på frukt og bær enn omvendt. Skulle geléen i gryta di stivne, kan du berre smelte den litt igjen, slik at den kan hellast på.

Når kaka skal monterast, skjer du med kvass kniv langs kanten på kakeringen heile vegen rundt. Kutt teipen forsiktig med kniven, elles kan forma vere vanskeleg å opne. Opne forma, og dra den forsiktig opp og av.

Skulle det kome kjekssmular på det kvite på ostekaka, så fjern det forsiktig med ein skarp kniv.

Pynt rundt kanten på fatet med det du har att av frukt og bær. Min kjære kjøkkenassistent og sjåfør kom med den geniale idéen å feste bæra langs kanten med flytande honning. Det funka som ei kule.

Lykke til med kakebakinga!

This entry was posted in: Bryllup, Fest, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

11 Comments

  1. Hjelpes! Den var vakker, altså 😀 Blir helt glad av å se på den! Du er kjempeflink 😀

  2. Gud så lekker!!!! Mmmm, tipper både brudepar og gjester ble megafornøyde. Ble det igjen noen rester eller?! 😉

  3. Lovise says

    Det vart kjempefin! Laga du kaka heime, og frakta den montert til festlokalet? Eller laga du den der den skal etast?

  4. SerendipityCat: Nei, ingen restar! Men dei hadde invitert hundre gjestar til kaffe, så det hadde overraska meg om det vart noko igjen. 🙂

    Lovise: Eg lagde den og pynta den ferdig til og med gelé og bær i gelèen heime. Her ser du korleis det såg ut, eg heldt på på loftet med pyntinga. http://altgodt.wordpress.com/2011/02/19/prosjektet-mitt/

    Så frakta eg det heile i kasser til festplassen, og skrudde den saman der. Så pynta eg kantane med bær.

  5. BenteAS says

    Du slutter ikke å imponere meg! Ser bare rålekker ut og smakte sikkert himmelsk også. Nam, nam….

  6. Pingback: Blodappelsingelé i kjærleikens teikn « Alt godt

  7. Pingback: Menyen i dag « Alt godt

  8. Pingback: Pasjonsfruktgelé | Alt godt

Leave a Reply