Noko søtt
Comments 2

Blodappelsingelé i kjærleikens teikn

Eg hadde ulike idéar eg drodla med då eg planla den store bryllupskaka, ein av dei var å stikke ut hjarte av melonskiver, og legge i geléen.

Eg lagde nemleg for mange år sidan ei bryllupskake der eg hadde veldig dårleg tid, og då brukte eg marsipanlok med utstansa marsipanhjarte på. Det vart kjempefint.

Så eg kjøpte ein stor melon, og fann fram mandolinen. Ein mandolin er ein kuttemaskin, det er ein slik du ofte får demonstrert på messer og på tv-shop midt på natta. Eg skar melonen i skiver med eit 7 mm tjukt kuttejern, og stakk ut hjarte.

Det fungerte berre sånn passe som kakepynt, så eg droppa den idéen og gjekk for bær i staden. Men eg hadde fleire hjarte klare, så då lagde eg ein ekstra porsjon med blodappelsingelé, og brukte hjarta i den. Slik gjorde eg det:

Blodappelsingelé

Saft av fem blodappelsiner

4 dl vatn

250 g sukker

10 plater gelatin

Ha appelsinsafta i ei gryte, og slå over vatn og sukker. La det koke i nokre minutt, og skum av det som dannar seg på overflata og langs kantane.

Legg gelatinen i kaldt vatn i ein bolle til den vert mjuk. Kryst vatnet ut av gelatinplatene, og rør dei over i den framleis varme appelsinsaftblandinga. Rør godt, slik at dei smeltar.

La geléen kolne. Legg hjarte som du har stansa ut av melonskiver i botnen av ei brødform, og hell på eit lag med gelé som berre såvidt dekker melonskivene. La dette stivne i kjøleskap. Når det har stivna, heller du på resten av geléen. La det heile stå kaldt til geléen er ganske fast. Server med vaniljesaus til ein eller ei du er glad i.

This entry was posted in: Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Ååå, den var fin! Sånn må jeg lage en dag 😀
    Siler du bort kjøttbitene fra appelsinjuicen?

  2. Ja, eg har silt juicen. Det er eigentleg ikkje nødvendig, men eg ville ha geléen så klar som mogeleg. 🙂

Leave a Reply