Veggis
Leave a Comment

Omelett med sukkererter og soltørka tomatar

Dette er ein lekker og saftig omelett som vart til ein dag då eg var heime med skallebank, og femtenåringen kom heim holsvolten.

Eg tok det eg fann i kjøleskapet, og det vart ganske godt, om eg skal seie det sjølv. Trikset er soltørka tomatar og rikeleg med ost for å gje smak. Kjøt var ikkje med i opplegget, nemleg. Soltørka tomatar har denne rike, nesten kjøtaktige smaken som gjer at omeletten smakar heilt fantastisk.

Denne omeletten er vegetarisk, såframt du er lakto-ovo-vegetarianar. Slik gjorde eg det:

Omelett med sukkererter og soltørka tomatar

4 egg

10 sukkererter

Ein stilk vårløk eller to cm purre

3 ss finhakka soltørka tomatar, enten bløytte eller på olje

1/2 ball mozarella

20 g riven parmesan

1/2 dl vatn

Salt og peppar

Smør eller anna matfeitt til steiking

Knekk egga i ein bolle. Ha i salt, peppar og vatn. Pisk lett saman.

Finhakk løk, og del sukkerertene i passe store bitar. Fres dette på middels varme i smør.

Slå eggeblandinga over grønsakene, og slå varmen ned på svak varme. Ha på finriven parmesan og mozarella skoren i tynne skiver. Legg lok på steikepanna, og la det stå til osten har smelta. Det er viktig at varmen er låg, omeletten skal ha minst mogeleg steikeskorpe under.

La tomatane renne av, og strø bitane på omeletten når osten har smelta, og omeletten er klar til servering. Rist pinjekjerner i tørr steikepanne, og dryss over. Server med ein liten salat.

This entry was posted in: Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply