Allergi, Middag
Comments 2

Gratinerte asparges

Eg hadde nokre damer på middag i går, så eg var på leit etter ein fin forrett, utan kumjølk, skalldyr og nøtter.

Ein kollega tipsa meg om denne varianten av gratinerte asparges, og den likte damene veldig godt. Eg la til litt syre, i form av ein søtleg fikeneddik som eg kjøpte i Kiel i haust. Bruk gjerne litt vin eller litt sitronsaft og vatn viss du vil ha den litt syrleg som eg vil. Slik gjorde eg det:

Gratinerte asparges

Ein bunt asparges

Ein bøffelmozarella

100 g spekeskinke

1 ss søt eddik

Knekk aspargesane der dei knekk naturleg. Lind saman to og to med ei skive spekeskinke. Legg dei tett i tett i ei eldfast form. Ringle over eddiken. Riv mozarellaen i små bitar og fordel dei utover forma. Gratiner det heile i 10 minutt på 200 grader til osten er gyllen og fin.

This entry was posted in: Allergi, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Lovise says

    Kva fekk damene til hovudrett og dessert?

Leave a Reply to LoviseCancel reply