Frustrasjonar
Comments 13

Buljongterningar og margarin

Eg har fått ein kommentar til bloggen min som gjorde at eg måtte tenke litt. Kommentaren går på at eg i enkelte oppskrifter brukar margarin, gjerne flytande margarin, buljongterningar og anna «styggedom».

Jeg har vært innom bloggen din ved flere anledninger og ser jo at du er opptatt av mat, så jeg stusser over at du bruker margarin. Det samme gjelder oppskrifter der du bruker buljongterning.
Nå som du skal til å lage kokebok er det vel på sin plass å rydde unna slik skit, og dra fram smøret og ordentlig kraft, eller?

Viss du søker på smør og margarin her i bloggen min så vil du oppdage at eg stort sett brukar smør. Eg har ein gjesteskribent, Heidi, som ofte brukar margarin, eg brukar margarin sjeldnare.

Men enkelte gongar er det heilt fint med margarin. Euroshopper flytande margarin er mjølkefri, og når eg brukar den kan også venninna mi som er mjølkeallergikarar spise desse browniesane. Det er populært, iallfall hos henne. Eg brukar stort sett flytande bremykt når eg lagar dei viss ikkje ho skal kome, det gjer eg fordi det smakar godt og går veldig raskt.

Buljongterningar er ei enkel og grei løysing i kvardagen. Har eg kraft brukar eg sjølvsagt det, men eg lagar mat til mange dagleg, eg jobbar fullt pluss at eg skriv kokebok for tida, skriv i ein avis og bloggar. (Puh…) Då er det å koke kraft til alle måltid der det er aktuelt urealistisk reint tidsmessig.

Stort sett brukar eg flytande fond når eg lagar mat heime. Eg handlar på ein engrosbutikk innimellom, og har tilgang til litersflasker med fond som kostar litt over ein hundrelapp. Men eg har ikkje samvit til å skrive berre om det (og/eller heimelaga kraft) i bloggen. Dei småflaskene du får tak i i butikkane er grisedyre, fullstendig overprisa.

Bloggen min er ein blogg for kvardagsmat, eg hadde ikkje så høge ambisjonar med den då den starta. Undervegs har det klaka på seg, eg har fått fleire lesarar, forlag har kontakta meg om å lage bok basert på det eg har skrive og det heile har blitt noko større enn det det heile byrja som. Eg prøver å halde matlaginga på det nivået som er naturleg for meg.

Det finst nok av molekylærmatbloggarar, skribentar som er i Frankrike fem gongar i året og kjøkkensjefar med skrivelyst. Eg er ein heilt alminneleg amatør, eg elskar det eg held på med, men eg er ikkje på nokon måte proff.

Eg skriv om mat for slike som meg, som av og til brukar margarin, buljongterningar og lapskausblanding på pose. Eg brukar kyllingkjøtdeig sjølv om det er bannlyst blant mange, eg lagar mat til barna mine som ikkje alltid er bloggbar og eg prøver ikkje å utgje meg eller bloggen min for å vere noko meir enn det den er – eit hobbyprosjekt for ein matentusiast frå bygda.

This entry was posted in: Frustrasjonar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

13 Comments

  1. Syns det er greit med buljongterningar og slikt eg. Etter det eg forstår skal jo heller ikkje kokeboka handle om gourmetmat som ein skal bruke mange timar på å lage, men derimot rimeleg og god kvardagsmat. Så då syns eg både buljongterningar og (til tider) melange høyrer heime i den og på bloggen.
    Hald fram som du stemnar 🙂

  2. Kjør på, Alt Godt! Jeg liker at du ikke snobber på kjøkkenet, men gir plass i bloggen til god hverdagsmat som ikke koster skjorta.

    … dessuten liker jeg margarin, jeg.

  3. blinks says

    Word (som de sier på godt nynorsk)!!
    Takk for en god blogg og overkommerlige oppskrifter!

  4. Annalovinda says

    stå på, seier eg! Bujongerningar og margarin er det då berre til å bytte ut dei dagane ein har anledning og tid til det, andre dagar må ein ta lettvinte løysingar!
    Wi av yndlingskokebøkene mine er Bent Stiansen sin «Stiansen til hverdags», der er det gode og smakfulle rettar, mellom anna crabcakes basert på krabbe på boks, deilig med slike løysingar av og til!

  5. Amen! Ja til din filosofi 🙂 Den som kom med forslaget kan jo heller blogge selv om fine ting som ekte kraft i enhver sammenheng etc, eller hur? 😉

  6. Vickan says

    Jeg er blant dem som ikke liker buljongterninger. Dette har ingenting å gjøre med at det er en lettvint løsning, men med at det (for meg) ikke gir god smak til retten.

    Det er veldig mye lettvint mat som er godt. Omelett, for eksempel. Eller pasta med smør, parmesan og nykvernet pepper, eller brød fra Åpent Bakeri, eller stekt eller dampet fisk med sitron og flaksalt, eller tomat- og mozzarellasalat, eller tunfisk på boks tilberedt på en enkel måte, f.eks. i form av pålegssalat med majones, kapers og løk, eller sashimi av salmalaks, eller…

  7. Jeg synes margarin er ganske ufyselig, men det er ikke verre enn at jeg oversetter det med smør når det dukker opp i oppskrifter 🙂

  8. Go go go! Jeg synes du formidler matlaging på en forfriskende ujålete måte, og at du bør holde fram som du stevner 😀

  9. Hald fram som du gjer!
    Eg har forstått kva syn du har på margarin …
    Alt til si tid og sine situasjonar. Vi har vorte oppmoda til å bruke flytande margarin på skulekjøkenet der det høver, og smør til julebaksten. Flytande margarin er reinsleg og enkelt.
    Buljongpulver er greit der dei ikkje skal gi for mykje smak. (Skulekjøkengrønsaksuppa har eg kokt kraft til siste åra)Så får folk erstatte det med fond eller koke kraft om dei vil. Verre er det ikkje.

  10. Glamourlegen says

    Beklager, det jeg har å si har ikke noen ting med denne posten å gjøre (men kan legge til at jeg vil kjøpe kokebok, og heia for snarveier innimellom!).

    Du er kanskje innimellom innom denne bloggen:
    http://blogdorfgoodman.blogspot.com/

    ..og da vil jeg anbefale deg å følge med i disse dager. De har før hatt føljetonger som ´40 days of…´innen ulike sjangre i anledning fastelaven (lent), og i år er det parfyme som er temaet! Er superallergisk selv og får brekningsfornemmelser bare av ordet, men husker hvordan det var å ta på en liten splæsj i ny og ne i ´gamle dager´og føle at det faktisk gjorde noe for den dagens stemning, og har også fulgt med på når du har gitt råd til andre. Så nyt det du som kan, hvis du synes det virker interessant 🙂

  11. Hurra for det upretensiøse! Bloggen din er topp, ein finn mat både til kvardags og fest, og det er bra. Sjølv brukar eg både buljong og kraft, og ukvemsord når det høver seg.

  12. Tonje says

    Fortsett med akkurat det du driver på med! Jeg synes bloggen din er fabelaktig, maten er fristende, relativt rimelig og overkommelig selv for en glad amatør. Om du bruker buljong og margarin og andre ikke vil bruke det, så er det vel bare å bytte det ut med det du ønsker å bruke selv? Vanskeligere trenger det ikke være, hvis man ikke VIL at det skal være vanskelig. You go, girl. Skit i sure kommentarer! :o)

  13. Linda says

    Fortsett med buljong og margarin, Alt godt! Ser du brukar sitronsaft på gul plastflaske også 😉 Det likar eg godt, husmor og bygdejente som eg er.
    Du har ein fin blogg. Ærleg og ujålete. Heidi, som du refererer til, kjenner eg, og det er ho som har tipsa meg om å gå inn og lese.

Leave a Reply